Abstract
Denne avhandlinga er ein analyse av Bror Hagemanns roman Jakman (2014). Oppgåva er bygd opp av ein estetisk analyse med vekt på sjanger og forteljarinstans(ar), og ein psykologisk-tematisk analyse av hovudpersonen med hovudvekt på skuld og skam. Jakmans hovudperson strevar med å vinne att balansen etter at dottera døydde av overdose. I møte med tenåringen Silje prøver han desperat å gjere opp for at han ikkje såg kor plaga dottera var. Han blir også heimsøkt av minne frå ein utfordrande og traumatisk oppvekst. Hypotesen min er at hovudpersonen er fanga i ein destruktiv spiral som det er vanskeleg eller umogleg å komme ut av, og at denne determinismen også må bli forstått i lys av Jakmans tilknyting til noir. I kapittel 2 argumenterer eg, ved hjelp av Kerstin Bergman og Willam Luhrs definisjonar av noir, for at trekk ved teksten og parateksten gir assosiasjonar til noir-tradisjonen. I tillegg viser eg at Jakman inneheld fleire freudianske uhyggelege element, som til dømes den mystiske skikkelsen Jakman, som fungerer som dobbeltgjengar. I kapittel 3 nytter eg meg av narratologi for å undersøke Jakmans forteljar(ar). Romanen er hovudsakleg fortald i førsteperson eintal, men har også innslag av ein forteljar i førsteperson fleirtal. Denne vekslinga bidrar til å forsterke inntrykket av ein hovudperson som er på veg mot avgrunnen. Ved hjelp av Jakob Lothes beskrivingar av upålitelege forteljarar, argumenterer eg for at Jakmans hovudforteljar er tydeleg upåliteleg, samtidig som han også nyttar seg av verkemiddel for å styrke truverdet sitt. I kapittel 4 vender eg meg til psykologien og nyttar meg blant anna av Martin Bubers perspektiv på skuld, Finn Skårderuds teoriar om skam, og Skårderud og Bente Sommerfeldts beskrivingar av omgrepet mentalisering. Ut frå denne teorien hevdar eg at traume i oppveksten har ført til at hovudpersonen har ei vekslande mentaliseringsevne og dårlege strategiar for å regulere følelsane sine. Dette viser seg mellom anna i vekslande sjølvinnsikt og stadige feiltolkingar. Eg viser også at hovudpersonen har vanskeleg for å beskytte seg mot ei invaderande skuld knytt til tapet av dottera. I tillegg har han sidan oppveksten vore prega av skam. På notidsplanet er det mogleg å hevde at han er prega av skamangst, noko som overskyggjer skamfølelsen og viser seg i ein skamlaus oppførsel. Jakmans hovudperson er fanga av fortida si, noko eg meiner gjer han blind for sin eigen oppførsel og behandling av Silje. I kapittel 5 viser eg gjennom Martin Bubers teori om Eg-Du-forhold korleis ho blir utnytta som eit middel i hans forsoningsprosjekt, og korleis hovudpersonen reduserer ho til ei avspegling av både seg sjølv og dottera.