Abstract
Denne oppgåva handlar om korleis musikk i multimedia kan ha ein manipulerande effekt, og korleis denne effekten slår inn når musikk vert nytta i videoar som omhandlar krig og militære tema. Kva gjer musikken med opplevinga av militære videoframstillingar, og korleis kan slike multimedieopplevingar påverke førestillingar om og haldningar til krig? I første del av oppgåva vert musikkvitskapleg, medievitskapleg og kognitiv teori nytta for å vise kva musikk gjer med måten vi oppfattar og tolkar informasjon i multimedia, samt korleis musikk blir nytta som manipulasjonsmiddel, mellom anna i reklamer. Med fokus på samspel mellom auditive og visuelle element, tek del to av oppgåva føre seg eit utval musikalske militære videoframstillingar. Her vert to kategoriar av militære videoar sette under lupa: militære omdømme- og rekrutteringsfilmar (høvesvis frå Forsvaret og det amerikanske marinekorpset, United States Marine Corps) og amatørproduserte krigsmusikkvideoar, laga av privatpersonar. Analysedelen av oppgåva viser korleis musikken i desse militære videoframstillingane bidreg til å forme ein bodskap og auke omfanget av opplevinga, mellom anna gjennom å vekkje assosiasjonar og emosjonar. Avslutningsvis i oppgåva blir musikken si rolle i dei ulike videoane samanlikna, og det vert kasta lys over eventuelle følgjer av musikkbruk i militære videoframstillingar.