dc.description.abstract | Føremålet med denne oppgåva, er å sjå på kva for potensial som kan ligge i jobbe med kontroversielle, skjønnlitterære tekstar, i norskfaget i ungdomsskulen. Dette har eg undersøkt, ved å gjennomføre ein kvalitativ studie, med observasjon og intervju. Studien er gjennomført i tre tiendeklassar på skular i Oslo og Akershus. Utgangspunktet for studien, er eit ønske om å utfordre ideen om kva norskfaget skal innehalde, og kva for rolle norskfaget skal spele i stadig meir samansette og fleirstemmige klasserom. I forordet til boka Creating critical classrooms. Reading and writing with an edge (2015) står det: This state of reflection, instead of a mindless following of past practice, is the place I want to live in as a teacher because it is where new questions are born. (s. xxi). Ordet kontroversiell kan definerast som noko som kan skape strid . Det kontroversielle i ein tekst ligg ikkje i sjølve teksten, men i det relasjonelle aspektet, møtet mellom teksten og lesaren, og med omgivnadane. Teksten som har vore utgangspunkt for undersøkinga er dramaet Pearl of Scandinavia frå 2014, skrive av Christopher Grøndahl. Denne teksten gav eg til to lærarar, og dei fekk så fridom til å utarbeide undervisingsopplegg. Teori om ideologi og repertoar, som Kathleen McCormick skriv om i boka The culture of reading and the teaching of English (1994), er det gjennomgåande teorigrunnlaget for studien, og ligg til grunn for både utviklinga av intervjuguiden, og analysen av det empiriske materialet frå intervjua. Studien har som mål å svare på kva slags refleksjonar elevane gjer seg om ein skjønnlitterær tekst, som tek opp kontroversielle tema i samtida. Studien plasserer seg innanfor ei samfunnsorientert tilnærming til litteraturdidaktikken, der lesing som sosial handling, og elevane, og teksten, si plassering i ein sosial og kulturell kontekst, er sentralt. Det viktigaste som kjem fram i studien min, er at det kan det kan sjå ut som at strategiane elevane brukar for å skape meining i teksten, ikkje automatisk opnar for kritisk utforsking, verken av sin eigen ideologiske bakgrunn, eller teksten sin. Funn i undersøkinga mi viser at det er skilnad på i kor stor grad elevane utnytter meinigspotensialet i teksten som fiksjon. Elevane er heller ikkje automatisk einige i det grunnleggande vilkåret om at teksten er kontroversiell. Studien min viser at hendingane 22. juli, og Anders Behring Breivik, utgjer ein felles referanse i elevane sitt allmenne repertoar, når det gjeld temaet terrorisme. Det kjem tydeleg fram at den kontroversielle teksten i seg sjølv ikkje er nok for å opne opp for refleksjonar kring ideologi, noko som blir drøfta under didaktiske implikasjonar, til slutt i denne oppgåva. | nor |