Sammendrag
Denne oppgåva er ein analyse av kammeroperaen Nenia, ein opera som handlar om komponisten Fartein Valen. Librettoen er skriven av Paal-Helge Haugen og musikken av Kjell Habbestad. Oppgåva undersøker korleis teksten tar musikalske verkemiddel opp i seg, men òg korleis ein tekst kan vera med på å påverke det musikalske uttrykket. Problemstillinga mi er: Korleis påverkar dei musikalske elementa librettoen i Nenia, og korleis blir det litterære brukt som motivasjon i det musikalske forløpet. Målet er å bidra med ein interessant analyse innan eit felt der det ikkje finst altfor mykje forsking, og å rette merksemd mot ein tekstsjanger som til tider har vore litt uglesett. Gjennom analysar av både librettoen, musikken og framsyninga vil eg vise korleis tekst og musikk påverkar kvarandre. Eg nyttar Werner Wolfs teoriar om intermedialitet for å finne eksempel på musikalisert litteratur i librettoen, og viser korleis det bidrar til harmoni, emosjonalitet og ugjennomsiktigheit. Gjennom undersøkinga av ulike stader i librettoen, vil eg sjå korleis staden, mennesket og den kreative prosessen er i utveksling med kvarandre. Til dette bruker eg teoriar av Edward Casey og Henri Lefebvre. På den andre sida undersøker eg korleis librettoen blir brukt som førelegg til musikken, og på kva måte musikken kan tillegge meining til teksten. Til slutt ser eg på samspelet mellom dei to elementa, korleis operaen legg vekt på det mystiske og korleis den kan lesast som ei samling av restar. Opera er eit stort samfunnsmessig prosjekt. Etter at det nye operahuset vart opna i Bjørvika i 2008, har operasjangeren blitt meir folkekjær og publikumstalet har auka. Sjølve bygget er blitt eit ynda turmål for både nordmenn og turistar, og er på kort tid blitt eit av dei sterkaste varemerka Oslo har. Ein så viktig del av kulturen vår fortener å bli sett og diskutert. Ein offentleg diskusjon om moderne norsk opera vil vera med å bidra til at det blir skrive og oppført operaer av høg kvalitet i Noreg.