Sammendrag
Oppgåva tek for seg korleis norske styresmakter reagerte på den franske NATO-politikken etter at Charles de Gaulle kom til makta igjen i 1958, og som i 1966 enda med den mest alvorlege krisa NATO til då hadde opplevd. Det året trekte de Gaulle Frankrike ut av det integrerte militære samarbeidet i alliansen. Oppgåva ser særskilt på korleis dei utanrikspolitiske styresmaktene såg på det franske problemet i perioden 1958–1967, kor endringsvillige Noreg var i møte med eit NATO som uunngåeleg gjekk ei endring i møte, om dei såg på uroa i NATO som ei krise og til slutt kva norske styresmakter frykta kunne skje om Frankrike forlét det integrerte samarbeidet i alliansen. Gjennomgåande skodar oppgåva til to av Noreg sine nære allierte, Danmark og Canada, for eit komparativt blikk på to land det er naturleg å samanlikne seg med i NATO-samanheng. Studien viser at dei norske reaksjonane jamt over var prega av ein vilje til konsultasjon framfor konfrontasjon andsynes den franske opposisjonen i NATO, for ein ville ikkje risikere å skyve landet heilt ut av alliansesamarbeidet. Det var samstundes viktig for Noreg å oppretthalda samhaldet og samordninga mellom dei 13 andre medlemene i alliansen, og å auke NATO si rolle i avspenninga mellom aust og vest. Det skjedde ved knesetjinga av Harmel-rapporten i desember 1967, som var ei direkte følgje, og som representerte dei nye moglegheitene som kom i kjølvatnet, av den franske avgjerda våren 1966.