Abstract
Denne oppgåva freistar ta for seg Roland Barthes forståing av fotografi-mediet, og vise korleis denne opplevinga minner om opplevinga av roman-mediet. Ved å gå gjennom dei ulike stadia i Barthes forfattarskap – kor han nærmar han seg fotografi-mediet på forskjellig vis – visast ei utvikling mot det fenomenologiske møtet med fotografiet. La Chambre claire: Notes sur la photographie, er kulimineringa av denne utviklinga, kor han gjennom åskodingar og teoretiske omgrep forklarar korleis han og Fotografiet møtast. Og ved å sjå på andre tekster av forfattaren, kor han tar for seg roman-mediet, dukkar det opp liknande prinsipp som ligg til grunn for opplevinga av dette mediet. Nokre andre teorikarar, som Rudolf Arnheim, Jacques Derrida, Jacques Rancière og Jean-Paul Sartre, løftast fram for ei djupare forståing av Barthes teori, og spissar slik språket for å anvende det på Romanen. Termar og kunnskap henta frå Barthes forståing av Fotografiet brukast så for å analysere romanen Min Kamp 1 av Karl Ove Knausgård. Dei viser seg å løfte fram visse aspekt ved roman-mediet (form, språk, verkelegheitsskaping, dramaturgi, og andre effektar), og illustrerer ein relasjon mellom desse to media. Slik argumenterer denne oppgåva for den felles førestillingsverda mellom Fotografiet og Romanen.