Hide metadata

dc.contributor.authorMyklebust, Eivind
dc.date.accessioned2014-08-21T22:01:56Z
dc.date.available2014-08-21T22:01:56Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationMyklebust, Eivind. «Je suis un homme comme les autres, je suis un homme comme vous» – Les Bienveillantes og den romantiske ironien. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40033
dc.description.abstractI denne oppgåva les eg Jonathan Littells Les Bienveillantes (2006) med særskilt omsyn til ironien i romanen. Samstundes utforskar eg spørsmålet om litteraturen og det vonde – om tilhøvet mellom etikk og estetikk i skjønnlitteraturen – i den særskilde samanhengen som Holocaustlitteraturen utgjer. I innleiinga plasserer eg undersøkinga i samband med viktige problemstillingar i vår tid, som er ei tid «etter vitnesbyrdet», der dei siste overlevande etter Holocaust er i ferd med å forlate oss. Kva kan litteraturen vere og gjere i ei slik tid? Les Bienveillantes er kjenneteikna på same tid av historisk presisjon og diktarleg fantasi. Den skapar både nærleik og avstand til nazisten og førstepersonsforteljaren Max Aue. Nærleiken er ofte utfordrande og provoserande, men romanen maktar samstundes å halde avstand. Korleis skapar Les Bienveillantes denne avstanden, til Aue og nazistane så vel som til seg sjølv som litterær konstruksjon? Kva verknad får avstanden på lesaren si etiske og estetiske fortolking og vurdering av romanen? Eg legg Friedrich Schlegel si forståing av den romantiske ironien til grunn for å utforske desse spørsmåla. Samstundes dreg eg vekslar på Paul de Man si nylesing av Schlegel, samt Maurice Blanchots omgrep om «det litterære rommet» for å spegle den meir postmoderne ironien ein møter i Littell sin roman. Romanen – til liks med katastrofen den framstiller – endar ikkje i opplysing, men går snarare i oppløysing. Særskilt undersøkjer eg to viktige ironiske «stadar» i romanen – forteljarrøysta og intertekstane. I undersøkinga av forteljarrøysta freistar eg klårgjere skilja mellom forteljar, implisitt forfattar og forfattar med hjelp av James Phelan sin retoriske narratologi. Slik kan ein lettare skildre forteljaren si upålitelege forteljing, og såleis lesaren si etiske vurdering av han. Vidare syner eg korleis Littell går inn i «det litterære rommet» og skapar ein infamøs forteljar som vekkjer både sympati og antipati. Her samanliknar eg Aue med nokre av Louis-Ferdinand Céline sine forteljarar. Intertekstane undersøkjer eg med stønad i Mikhail Bakhtin sitt heteroglossi-omgrep. Eg supplerer Jonas Grethlein si lesing av Oresteia-interteksten ved å vektleggje det parodiske. Vidare dreg eg inn ein annan intertekst, Mikhail Lermontovs A hero of our time, for å syne mangfaldet i den parodiske og ironiske representasjonen, og samstundes den romantiske konteksten denne interteksten dreg med seg.nor
dc.language.isonor
dc.title«Je suis un homme comme les autres, je suis un homme comme vous» – Les Bienveillantes og den romantiske ironiennor
dc.title«Je suis un homme comme les autres, je suis un homme comme vous» – Les Bienveillantes and romantic ironyeng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-08-22T22:03:43Z
dc.creator.authorMyklebust, Eivind
dc.identifier.urnURN:NBN:no-44735
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40033/1/Myklebust_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata