Hide metadata

dc.date.accessioned2013-08-22T10:22:11Z
dc.date.available2013-08-22T10:22:11Z
dc.date.issued2013en_US
dc.date.submitted2013-06-10en_US
dc.identifier.citationHustad, Gard. Det gode samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent. Masteroppgave, University of Oslo, 2013en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/36728
dc.description.abstractFormål og problemstilling: Kvalitet og kvalitetsutvikling står høgt på den utdanningspolitiske agendaen i norsk skule, også når det gjeld tilpassa opplæring og spesialundervisning. Kvalitetsutvikling i skulen har først og fremst som mål å utvikle betre vilkår for elevane si læring (Nilsen, 2010). I dette prosjektet vil fokus vere på kvalitetsutvikling i spesialgrupper for elevar med utviklingshemming gjennom å fokusere på samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent, då dette er ein sentral faktor for kvaliteten på undervisninga som blir gitt. Formålet er å få innsikt i kva som kjenneteiknar det gode samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent i spesialgrupper for elevar med utviklingshemming. Kva erfaringar, tankar og meiningar har spesialpedagogar og assistentar om kva som kjenneteiknar eit godt samarbeid? Med utgangspunkt i dette har eg valt følgjande problemstilling: Kva kjenneteiknar det gode samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent i spesialgrupper for elevar med utviklingshemming? For å svare på problemstillinga har eg utforma følgjande forskingsspørsmål: Kva ser spesialpedagogar og assistentar som dei viktigaste faktorane i det gode samarbeidet? Kva ser spesialpedagogar og assistentar som dei viktigaste faktorane i god rettleiing? Kva tankar har spesialpedagogar og assistentar rundt inkludering av assistentar i planlegging og evaluering av IOP? Kva barrierar og utfordringar kan ein møte i samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent? Metode og datamateriale: Med ynskje om å få innsikt i erfaringane, tankane og meiningane til spesialpedagogar og assistentar, har eg sett det som hensiktsmessig å la metode for både datainnsamling og analyse vere fenomenologiske tilnærmingar i dette forskingsprosjektet. Datamaterialet har eg samla inn gjennom semistrukturerte livsverdsintervju med tre spesialpedagogar og tre assistentar som jobbar i spesialgrupper for elevar med utviklingshemming. Intervjua vart tatt opp med diktafon, og transkribert i ettertid. I analysen av datamaterialet har eg tatt utgangspunkt i Giorgi (2009) si fenomenologiske tilnærming til analyse av kvalitative data. Oppsummering og konklusjon: Med ei fenomenologisk forskingstilnærming har eg forsøkt å «sjå det same» som informantane ved å setje meg inn i deira si livsverd. Med eit lite utval, der det er informantane sine subjektive opplevingar, og ikkje fakta, som står i sentrum, ser eg det som viktig å vise varsemd når eg konkluderer. Likevel ser ein at visse hovudtrekk og tendensar viser seg i funna: Alle informantane framhevar møteverksemd som viktig for at samarbeidet skal gå godt, medan fleire framhevar også nøyaktige planar som viktig. Møteverksemd er ein sentral arena både for samarbeid generelt, planlegging, rettleiing og informasjons- og erfaringsdeling. Alle informantane seier at informasjons- og erfaringsdeling er viktig for at samarbeidet skal gå godt. Alle må vite kva dei skal gjere og kven dei eventuelt skal vere saman med, og assistentane gir uttrykk for at dei ynskjer mest mogleg informasjon og innsyn i spesialpedagogane sine erfaringar, i tillegg til at dei ser det som viktig at også dei sjølv får dele eigne erfaringar. Når det gjeld den mellommenneskelege dimensjonen, blir det framheva at sjølv om det er ein asymmetri i samarbeidsforholdet når det gjeld kompetanse, posisjon og status, så er det viktig at partane opplever at dei er likeverdige. I dette ligg at assistentane sine opplevingar og meiningar faktisk har noko å seie. Avklaring og akseptering av kvarandre sine roller er viktig både for at samarbeidet skal gå godt og for å unngå eventuelle utfordringar. Tillit og respekt er andre bestanddelar som av fleire blir trekt fram som sentralt for at samarbeidet skal gå godt. For at rettleiing skal gå godt er det viktig at den har eit fagleg innhald i tillegg til den praktiske dimensjonen. Alle spesialpedagogane framhevar det som viktig å vidareformidle grunnleggjande haldningar i rettleiing, og det kan verke som at spesielt verdidimensjonen er ein avgjerande faktor i den kollektive praksisteorien i ei gruppe. Også i rettleiing vert det framheva av fleire at likeverd i rettleiingssituasjonen er viktig for at den skal gå godt. Når det gjeld organisering av rettleiing har informantane ulike meiningar, og dette er nok i stor grad avhengig av type elevgruppe og måten undervisninga er organisert. Tilgang til IOP-ar og det å bli inkludert i utarbeiding og vurdering av IOP verkar å vere viktig for assistentane. Dermed kan ein sjå på dette som ein av bestanddelane i det gode samarbeidet. Tid er ein barriere som vert trekt fram av informantane. Sett i lys av problemstillinga, vil då det å setje av tilstrekkeleg med tid vere ein faktor som gjer at samarbeidet går godt. Dersom tidsbarrieren ikkje vert fjerna gjennom at gruppa får meir ressursar i form av tid, gjeld det å utnytte dei rammeressursane ein har. Kanskje må ein omorganisere for å frigjere meir tid til samarbeid. Kjemi er sentralt for å unngå utfordringar og konfliktar i samarbeid. Ulike personlegdomar og grunnleggjande verdiar kan i verste fall føre til konfliktar. Tillitsbrot og dårleg informasjon er andre faktorar som kan opplevast som utfordrande i eit samarbeid.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDet gode samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent : Ei kvalitativ intervjuundersøking av spesialpedagogar og assistentar som jobbar i spesialgrupper for elevar med utviklingshemmingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-08-20en_US
dc.creator.authorHustad, Garden_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hustad, Gard&rft.title=Det gode samarbeidet mellom spesialpedagog og assistent&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2013&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-37896
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo182641en_US
dc.contributor.supervisorHanne Ness Sevendalen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/36728/2/Hustad_Gard_Masteroppgxve.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata