Hide metadata

dc.date.accessioned2013-05-02T10:09:17Z
dc.date.available2013-05-02T10:09:17Z
dc.date.issued2013en_US
dc.date.submitted2013-03-19en_US
dc.identifier.citationNøkleby, Olaf. Korndyrkinga på Toten frå ca 1650 til 1800. Masteroppgave, University of Oslo, 2013en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/35604
dc.description.abstractFrå ca 1650 til 1800 vart folketalet på Toten nesten tredobla. Likevel var bygda sjølvforsynt med korn, og korn var den viktigaste salsvara frå bygda gjennom heile perioden. Dette fortel oss at jordbruket endra seg, sjølv om det ikkje gjennomgjekk noko hamskifte. Kva bestod endringane i? Medan storparten av gardbrukarane på Toten var leiglendingar i 1650, var dei aller fleste sjølveigarar i 1800. Det var også på 1700-talet husmannsvesenet voks fram. Overgang til sjølveige og større tilgang på stabil arbeidskraft sette fart på ryddinga av nye åkrar. Åkerarealet vart omtrent dobla i den perioden vi tek for oss. Medan prisen på korn og husdyrprodukt auka, heldt jarnprisen seg omtrent stabil og det vart lettare tilgang på jarn. Arveskifte frå perioden viser at det vart fleire og tyngre jarnreiskapar. I eit åkerbruk utan handelsgjødsel og kjemiske ugrasmiddel, var korndyrkinga avhengig av tilgang på husdyrgjødsel og meir eller mindre systematisk brakklegging. Nesten all husdyrgjødsla var det storfeet som produserte. Medan åkerarealet vart nesten dobla og talet på hestar gjekk opp, stod talet på storfe godt som stille. Dette førte til at åkeren vart gjødsla mykje svakare. Likevel ser det ut til at folltala ikkje gjekk ned, åkeren gav heller fleire foll rundt 1800 enn rundt 1700. Korleis kunne det ha seg? Overgang til mindre kravstore kornslag og auka dyrking av erter er noko av forklaringa. Når vi veit at meir effektiv jordarbeiding frigjorde plantenæringsstoff frå jordsmonnet og gav betre kontroll med ugraset, blir bildet meir komplett. Medan dei som skriv om Toten på 1700-talet er samstemte om at bygda produserte så mykje korn at dei hadde korn å selja, viser tiendlister og matriklar, slik dei vanlegvis har vorti tolka, at avlinga var så lita at bygda knapt kunne brødfø sine eigne innbyggarar. Kva var riktig? Avlingsoppgåvene bygger på innbetalinga av tiend. Kan innbetalt tidend ha vori 10%, slik dei fleste historikarane har gått ut frå, eller må tienda ha vori lægre? Tala vi får fram når vi set tiendoppgåver opp mot nødvendig innanbygds forbruk tyder på det siste. Begrensa åkerareal og høgt folketal gjorde at totningane valde arealintensive og arbeidsekstensive driftsmåtar. Det eldgamle, arbeidsintensive svedjebruket vart nesten avvikla. Driftsmåtane som totningane valde å bruke gav større totalavling, men mindre avling per innsett arbeidstime enn meir arbeidsintensive metodar. Totningen tilpassa seg dei naturlege føresetnadene bygda hadde for korndyrking - steinete og lett jord, forsommartørke, ustabilt innhaustingsvèr, høgt folketal og begrensa åkerareal.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKorndyrkinga på Toten frå ca 1650 til 1800 : Ein diskusjon mellom kvalitative og kvantitative kjelderen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-04-26en_US
dc.creator.authorNøkleby, Olafen_US
dc.subject.nsiVDP::075en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nøkleby, Olaf&rft.title=Korndyrkinga på Toten frå ca 1650 til 1800&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2013&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-33943en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo177460en_US
dc.contributor.supervisorRagnar Pedersenen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/35604/1/Manusx130318.pdf
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/35604/2/Manusx130318.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata