Abstract
«Her finst korkje kyrkje eller moské, albanarane si tru er albanianismen!». Den albanske diktaren Pashko Vasa sine ord har blitt eit munnhell mellom albanarane, men er det også ein røynddom? I motsetnad til sine grannefolk på Balkan, kan den albanske nasjonale identiteten ikje knyttes til religion, fordi dei er delte mellom to religionar og tre (fire) konfesjonar. Den albanske nasjonalideologien (albanianismen) legg til grunn at det albanske fellesskapet i staden er bygd på eit sams språk, ei sams historie og eit sams opphav.
Oppgåva undersøker i kva grad albanianismen sin ideologi samsvarer med unge muslimske norsk-albanarar sine oppfatninger. Oppgåva er tufta på intervju med seks unge norsk-albanarar. Sentralt i opppgåva er spørsmålet om korleis desse seks sine religiøse og nasjonale identitetar kjem til uttrykk.
For å undersøke om det er ei samsvar mellom informantane sine oppfatningar og albanianismens uttrykte nasjonalidentitet, går undersøkinga langs tre liner: Kva er informantane sine oppfatninger av kva det inneber å vere albanar? Kva inneber det for dei å vere ein albansk muslim? Kva tenker informantane om påstanden om at albanarane er muslimar først, og så muslimar eller kristne deretter?
Informantane knytter sin nasjonale identitet til mellom anna språk, blodsførestillingar og det albanske flagget. Dei har ein uttrykt muslismk identitet, men kva dei legg i det å vere muslim, og kva deira religiøse idenitet rommer, er varierande. Men dei gjev klart uttrykk for at den albanske identiteten er mykje sterkare enn den religiøse. For dei er først og framst albanarar.