Hide metadata

dc.date.accessioned2013-06-20T10:34:09Z
dc.date.available2013-06-20T10:34:09Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-11-16en_US
dc.identifier.citationApalset, Vidar. LOs støtte til den sørafrikanske fagorganisasjonen COSATU 1986-1997. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/34552
dc.description.abstractLOs støtte til den sørafrikanske fagorganisasjonen COSATU, var dette ei vidareføring av LOs engasjement i kampen mot apartheid. LO hadde engasjert seg så tidleg som i 1960 med lanseringa av ein forbrukarboikott av sørafrikanske varer, men det var først på midten av 1970-talet at eit kontinuerleg solidaritetsarbeid tok til. Økonomisk støtte vart ein viktig del av engasjementet og ein medverkande faktor til dette var at LO fekk tilgang til midlar frå Utanriksdepartementet. Støtta vart kanalisert gjennom ICFTU til den svarte fagrørsla inne i Sør-Afrika, og LO verdsette ICFTUs koordineringsarbeid knytt til den økonomiske støtta høgt. Sjølv om COSATU raskt vart LOs viktigaste samarbeidspartnar, var prosessen som førte til valet om å gje støtte komplisert. Forholdet mellom COSATU og ICFTU var spent frå byrjinga av, og COSATU nekta derfor å ta imot støtte frå ICFTU. LO valde derfor å støtte COSATU direkte saman med fagorganisasjonane i Danmark, Nederland og Sverige. Samarbeidet mellom COSATU og dei skandinavisk-nederlandske organisasjonane vara fram til 1997, og dreia seg om økonomisk støtte. COSATU var særs avhengig av utanlandsk støtte, og denne var i hovudsak brukt til å finansiere COSATUs budsjett. Store delar gjekk også til å dekke utgifter knytte til juridisk og humanitær hjelp i samband med dei harde nedslaga frå dei sørafrikanske styresmaktene. LO forsøkte å utvide samarbeidet i form av kursverksemd og skuleringsprogram på 1990-talet, men dette viste seg å vere vanskeleg å få i stand. I samband med valet i 1994 vart det gjeve støtte til valdsovervaking og veljaropplæring. LO hadde også eit ønske om å styrke kvinnenes stilling i COSATU, og delar av støtta gjekk derfor til kvinnearbeid. Gjennom den økonomiske støtta bidrog LO til å bygge opp ein fagorganisasjon som ikkje berre spela ei viktig rolle i kampen mot apartheid, men som etter kvart også makta å stå på eigne bein i det demokratiske Sør-Afrika etter 1994.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleLOs støtte til den sørafrikanske fagorganisasjonen COSATU 1986-1997en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-06-20en_US
dc.creator.authorApalset, Vidaren_US
dc.subject.nsiVDP::070en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Apalset, Vidar&rft.title=LOs støtte til den sørafrikanske fagorganisasjonen COSATU 1986-1997&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-33261en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo172586en_US
dc.contributor.supervisorHelge Ø. Pharoen_US
dc.identifier.bibsys132186594en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/34552/1/Masteroppgxvex-xrevidertxutkastxfrxx15.11.12.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata