Abstract
Mål: Utføre ein intern kvalitetssikringsstudie for perioden 2004-2010 ved fødeavdelinga Rikshospitalet (RH), med tanke på fosterasfyksi og fosterovervaking under fødsel. Utvikling av fosterasfyksi er ein frykta komplikasjon i fødsel, og kan medføre alvorleg sjukdom og død.
Material og metode: Data frå journalsystemet vart innhenta til intern kvalitetssikring. Ein har brukt metabolsk acidose i navlearterie (pH< 7 og BD > 12mmol/L), for å kvantifisere førekomsten av fosterasfyksi. I dei tilfella med metabolsk acidose har ein sett nærmare på fødselsforløpet, og fosterovervaking; om dette har vore i samsvar med retningslinjene.
Resultat: Det var totalt 31 kasus med metabosk acidose i studiepopulasjonen. Av desse var 17 STAN-overvaka. Ved gjennomgang data fann ein at fleire kasus ikkje var overvaka i høve til retningslinjene; grunna indikasjon for overvaking anten knytta til antenatale forhold eller pga forhold i fødselsforløpet. Vidare var det feiltolkingar i høve til CTG-mønstre og STvarslingar.
Konklusjon: I samband med den intern kvalitetssikringsstudien finn eg at det er naudsynt med forbetring på særleg fire punkt. For det første, seleksjonen av fødende som skal STAN overvakast. Vidare korrekt handtering av ST-varslingar og ulike CTG-mønstre. For det tredje ser ein at dokumentasjonen i fødejournalen bør vere meir utfyllande i dei tilfella kor berre CTG vert nytta som fosterovervaking. Til slutt er det viktig med stadig opplæring og oppfrisking av kunnskap hos personalet for tolking og handtering av ulike CTG-mønstre og ST-varsling.
Objective: An audit performed at Rikshopitalet Labour ward regarding fetal asphyxia and fetal monitoring during labour. Fetal asphyxia is a potential complication of labour, and can result in grave morbidity and death.
Materials and methods: From the patient records I have calculated the prevalence of metabolic acidosis in the period 2004 – 2010 at Rikshospitalet Labour ward. Metabolic acidosis is defined as pH<7 and BD >12 mmol/L in the umbilical artery. In those cases with metabolic acidosis the labour has been evaluated more closely regarding fetal monitoring during labour.
Results: There have been 31 cases in the study population with metabolic acidosis in the umbilical artery. 17 of them had been STAN monitored during labour. Furthermore I find that a number of these cases have not had correct monitoring according to guidelines, and that in several cases one has not evaluated the CTG-pattern or ST-events correctly.
Conclusion: This audit finds that there is need for improvement with regard to the selection of cases that should be monitored with STAN during labour. It is also essential with continuously evaluation of the fetal monitoring given during labour, and the fetal outcome.
Also it is noticed that documentation should be more elaborated in those cases where CTG is used as fetal monitoring. Furthermore it is important to train and refresh the knowledge that the midwifes and doctors have at the ward with regard to evaluation and actions of different CTG-pattern and ST-events.