Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-14T11:54:12Z
dc.date.available2013-03-14T11:54:12Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-05-11en_US
dc.identifier.citationHyrve, Hans Kristen. Det kapitalistiske glidemiddel. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/33958
dc.description.abstractDenne masteroppgåva omhandlar forholdet mellom pornografi og det notidige Russland. I hovudsak tek eg for meg framveksten av russisk pornografi frå perestrojka på siste halvdel av 1980-talet, og eg ser på korleis den russiske pornografien speglar dei samfunnsendringane som har funne stad i landet i same perioden. Ettersom tidlegare publikasjonar vedrørande russisk pornografi har hatt pornoblad og litteratur som utgangspunkt, tek eg i hovudsak for meg pornofilmar, som er langt meir aktuelle i dag, særleg på grunn av internett. Oppgåva er bygd opp på fylgjande måte: 1.Innleiing og utgreiing om kvifor det er interessant å forske på pornografi. 2.Bakgrunnsteppe om korleis det russiske samfunnet har utvikla seg frå det sovjetiske. Kapitlet omhandlar utviklinga frå det sovjetiske til det russiske samfunnet, både når det gjeld politikk, kultur, seksuelle tradisjonar og seksuell diskurs. Vidare går eg inn på kva for posisjon likestilling har i det russiske samfunnet, samt korleis homoseksualitet har vorte handsama i Sovjetunionen og Russland. 3.Pornografien sin plass i det russiske samfunnet. Kapitlet omhandlar pornografilovverket og rettssakene som har vore kring pornografi, primært sakene mot pornobladet Jesjtsjo og forfattaren Vladimir Sorokin. Eg går elles inn på framveksten av russiske pornoblad på 1990-talet og situasjonen kring kjøp av pornofilmar i Russland i dag. 4.Innhaldet i russisk pornografi. Etter ei innføring i pornofilm som sjanger fylgjer ein presentasjon av russiske pornofilmar sine kjenneteikn, både når det gjeld estetikk, handling, kjønnsroller og språk med meir. I tillegg inneheld kapitlet ei utgreiing om den russiske pornografien si utvikling på internett, samt ein presentasjon av pornografen Bob Dzjek. 5.Drøfting kring russisk pornografi. Kva kan innhaldet i russiske pornofilmar fortelja oss og kvifor har russisk porno utvikla seg til å verta ein eksponent av visse ekstremitetar? Dette kapitlet inneheld også ei drøfting kring pornografien si rolle i det russiske samfunnet, særleg kvifor Russland på same tid som det har fått stadig fleire autoritære tendensar også har fått ein tilsynelatande stadig større aksept for pornografi. Til slutt kjem ei samanlikning av den seksuelle diskursen i det pre- og post-sovjetiske Russland. 6.Konkluderande kapittel som inneheld oppsummering av oppgåva, samt mine forslag til å forklåre ulike moment eg har peikt på i dei føregåande kapitla. Klårgjering av kvifor pornografi kan seiast å vera eitt av det kapitalistiske Russlands glidemiddel.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDet kapitalistiske glidemiddel : oppblomstringa av pornografi i det post-sovjetiske Russlanden_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-11-16en_US
dc.creator.authorHyrve, Hans Kristenen_US
dc.subject.nsiVDP::000en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hyrve, Hans Kristen&rft.title=Det kapitalistiske glidemiddel&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-25805en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo102529en_US
dc.contributor.supervisorBjørn Ditlef Nistaden_US
dc.identifier.bibsys102515336en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/33958/1/Det_kapitalistiske_glidemiddel.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata