Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:35:03Z
dc.date.available2013-03-12T13:35:03Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2008-06-20en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/33245
dc.description.abstractE6-prosjektet Østfold har vore eit omfattande forvaltingsprosjekt ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, og det har utført ei av dei største flateavdekkjingsundersøkingane ved museet til no. Granskingane vart utført i tida frå 2003–2006 og dei påviste eit stort og variert busetjingsmateriale frå eldre bronsealder til vikingtid. Talet på kjente førhistoriske hus og gardar i Østfold men også resten av Austlandet har med dette fått ein monaleg auke. Materialet har stor kjeldeverdi for vidare forsking om den førhistoriske gardsbusetjinga i regionen. Prosjektet har utvikla ein metode for permanent tildekking av helleristingar, delar av eit gravfelt frå eldre og yngre jarnalder vart granska, saman med ei gravrøys frå bronsealder. Naturvitskaplege analysar har hatt ein sentral plass i prosjektet og det vart innleidd eit samarbeid med Arkeologisk museum i Stavanger om utføring av analyser av plantemakrofossil og mikrofossil. Avtalen vart etterkvart utvida til å omfatte jordmikromorfologiske analyser. Analysane har gitt eit nytt og omfattande kjeldemateriale som vil kaste lys over den førhistoriske garden og driftsformer i det tidlege jordbruket. Dette er det første av fem Varia-band frå E6-prosjektet Østfold. I dette bandet vert det gjort greie for bakgrunnen for prosjektet og problemstillingar vi har arbeidd med. Arkeologiske og naturvitskaplege resultat frå dei fem lokalitetane som vart granska i Råde kommune vert presentert; Grimstad østre, Strømshaug, Lundeby, Borge vestre og Missingen. I band 2 og 3 vert resultata frå granskingane i Sarpsborg og Fredrikstad kommunar presentert. Band 4 skildrar sikringstiltak og dokumentasjon av helleristingar i regi av prosjektet, medan band 5 tek for seg metodiske erfaringar vi har gjort oss og det rommar ei naturhistorisk og kulturhistorisk syntese.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.relation.ispartofVaria http://urn.nb.no/URN:NBN:no-42007
dc.relation.urihttp://urn.nb.no/URN:NBN:no-42007
dc.subjectE6-prosjektetØstfoldRådekommuneBronsealderen_US
dc.subjectJernalderFlateavdekkingMakrofossilHusogbosetningssporMissingenHallfraromertidDenaravsølven_US
dc.titleVaria 65 E6-prosjektet Østfold, Band 1, Hus og gard langs E6 i Råde kommuneen_US
dc.typeSeries issueen_US
dc.date.updated2008-06-25en_US
dc.creator.authorBårdseth, Gro Anitaen_US
dc.creator.authorSandvik, Paula Utigard
dc.subject.nsiVDP::en_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-19191en_US
dc.type.documentSeriehefteen_US
dc.identifier.duo80198en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/33245/1/Varia_65.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata