Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:27:20Z
dc.date.available2013-03-12T13:27:20Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-15en_US
dc.identifier.citationSnøtun, Åse. Det var menighetssøstre dei var. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32923
dc.description.abstractI over hundre år var menighetssjukepleie ein viktig del av helsetenesta i landet vårt, og mykje av grunnlaget for den helsesøstertenesta og heimesjukepleia vi har i dag. Menighetssøstrene har sine røter i diakonissetradisjonen, men fekk si eiga utdanning i 1916. Dei skulle ha ei teneste mellom sjuke og trengjande i heimane, særleg i bygdene rundt om i landet. Oppgåvene var allsidige med både stell av sjuke og døyande, barselpleie og helsesøsteroppgåver, besøksteneste, foreiningsarbeid og liturgiske tenester. Heilskapleg omsorg prega tenesta, som var forankra i kyrkja gjennom vigslinga. Arbeidsdagane var lange, oppgåvene mange og til tider tunge, og løna lite å skryte av. Status og respekt, kjensle av å få vere til hjelp og nytte motiverte, men på seksti- og syttitalet vart dei fleste verande berre få år i stillinga som menighetssøster. Kallstanken var lenge eit berande prinsipp for all sjukepleie. Det var forankra i det lutherske synet om at kvinnekallet var eit husmorkall og sjukepleia gav rom for kvinna sine ”moderlege” eigenskapar. Menighetssøstrene forankra elles ein sterk yrkesidentitet i det personlege kallet, den faglege utdanninga, madatet frå kyrkja gjennom vigslinga og arbeidet mellom sjuke og naudlidande i kyrkjelyden. Det var menighetssøstre dei var. Lenge var det dei humanitære og diakonale organisasjonane som hadde teke hand om all sjukepleie i heimane. Først gjennom seksti- og syttitalet kom det offentlege midlar til, sjølv om det og var klart at heimsjukepleie spara det offentlege for store utgifter. Sluket i helsesektoren etter både pengar og personell vart stadig større etter som nytt utstyr og nye behandlingsformer vart utvikla. Menighetssøstrene vart trekte mot sjukehusa, og færre vart att i kyrkjelydane. Samstundes, gjennom syttitalet tok fleire og fleire kommunar over meir og meir av heimesjukepleia. Då Lova om kommunale helsetenester vart sett i verk i 1984, hadde alle kommunane i landet vårt starta heimesjukepleie. Gjennom seksti- og syttitalet kom stadig fleire gifte kvinner ut i det løna yrkeslivet og sett sitt preg og på omsorgsyrka. Sjukepleiarane var ettertrakta assistentar for legane som sette stor tiltru til vitskap og medisinsk-teknisk kunnskap og dugleik. Sjukepleiefaget måtte profesjonaliserast og vitskapleggjerast og praktisk erfaringskunnskap vart stilt opp mot teoretisk vitskapskompetanse. Vektlegging av spesialisering, oppsplitting og reduksjonisme utfordra dei tradisjonelle omsorgsverdiane i faget. Verdiar som kall, nestekjærleik, hjartelag og handlag hadde tronge kår gjennom åra då verdinøytralitet var rettesnora som reduserte det sjukepleiefaglege verdiinnhaldet. Dei kristne verdiane som låg i botnen for menighetssøstertenesta fekk ein negativ klang i fagmiljøa, og den praktiske omsorgserfaringa menighetssøstrene sat inne med frå heimesjukepleietenste, hausta heller ikkje særleg fagleg status. Det er difor på mange måtar forståeleg at menighetssøstertenesta i perioden vart stadig mindre attraktiv. Menighetssøstrene som vart ståande på post og som gjerne etter kvart gjekk over i kommunal teneste, opplevde situasjonen noko ulikt. Å gå frå ein kyrkjeleg samanheng, der dei gjerne var åleine og opplevde mykje slit, men hadde stort sjølvstende og vart sett opp til og over i eit kommunalt system med større arbeidsfellesskap med meir ordna forhold, men med ein sjef som skulle sette grenser både for arbeidstid og oppgåver, var ikkje berre lett. Det vart nærast eit svik mot pasientane å ikkje skulle ha tid til kaffikoppen eller ha syn for deira åndelege side. Å skulle dele oppgåvene mellom det kyrkjelege og det kommunale var ei unaturleg todeling for menighetssøstrene som var opplærde til å tenke heilskap i omgangen med menneska. Det var menighetssøstre dei var og ikkje heimesjukepleiarar eller soknediakonar.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDet var menighetssøstre dei var : Kven var menighetssøstrene og kva konsekvensar fekk det for dei at heimesjukepleia vart kommunal teneste, samtidig med at sjukepleieyrket vart profesjonalisert?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-02-05en_US
dc.creator.authorSnøtun, Åseen_US
dc.subject.nsiVDP::150en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Snøtun, Åse&rft.title=Det var menighetssøstre dei var&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18389en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo67593en_US
dc.contributor.supervisorProfessor Berge Furreen_US
dc.identifier.bibsys080157033en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32923/2/Detxvarxmenighetssxstrexdeixvar.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata