Abstract
”Prest mellom Ampelmänner og Trabantar” – tre prestelagnader i DDR
Turid Astrid Reksten
DDR er nær oss geografisk og i tid, men likevel var mykje der fjernt frå vår førestellingsverd. I denne oppgåva ser eg på erfaringar til tre prestar som jobba i denne staten og også kva dei tenkjer i etterkant. Kvifor begynner nokon i det heile å studere teologi i ein stat der religion er ”ut”? Korleis var det eventuelt å vere overvaka av Stasi? Ein offentleg person på ein preikestol, kva kan han eller ho seie? Opposisjon eller tilpassing? Korleis kan ein prest forholde seg til ein strengt ateistisk stat som krev Jugendweihe?
Materialet henta frå samtalar eg hadde med prestane i Berlin kor eg let dei fortelje om sine møte med ulike forhold i DDR-staten.
For å plassere dette i konteksten, er første del av oppgåva ein gjennomgang av DDR si historie med vekt på kyrkjepolitikk. Dette byggjer på nokre av dei mange bøkene som er skrivne om kyrkja i DDR.