Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:28:09Z
dc.date.available2013-03-12T13:28:09Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-05-29en_US
dc.identifier.citationKirkebøen, Hilde. Fri-rom, forbindinga mellom form og innhald. Hovedoppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32896
dc.description.abstractMålet med oppgåva er å få kunnskap om fri-rom. Kva som kan opne/stenge for det. Eit av poenga med fri-rom er at det ikkje kan definerast ein gang for alle. Det blir skapt i relasjonar, og vil få ulike variantar ut i frå kvart møte og dei ulike grenser personar og samanhengar har. Eg kan derfor ikkje gi ein presis definisjon av fri-rom her, men eg skal legge fram nokre av forutsetningane for fri-rom. Ein av forutsetningane er at rommet må stå i ei forbinding til noko utanfor seg sjølv, samtidig som det må vere ein frihet i denne relasjonen. Det er altså noko som er fast(bunde), det gir visse rammer, begrensingar som samtidig gir rom for bevegelse, for motstand og ”flyt”. Det handlar om eit rom der ein er fri til å vere seg sjølv og kan utvikle ein form for sjølvomsorg som gir rom for den andre. Ein forutsetning her er at den andre blir meir enn ei forlenging av meg, ei bekrefting av meg, sjølv om noko av dette også er ein del av relasjonen. Det må vere rom for noko i møte som verken er meg eller den andre, noko som ligg der og som blir til gjennom vårt møte. Eg kallar dette for det tredje. Forutsetning for det tredje, er at begges perspektiv og liv blir tatt på alvor. Det krev eit fokus på noko ein deler saman, ein felles sak. Det handlar altså om å gje rom for dei sidene ved den andre som er ukjente for meg, slik at den andre kan framtre som noko meir/anna enn berre slik han/ho er forma i mitt bilde og mine forestillingsmønster. . For å kome på sporet av fri-rom vil eg belyse forholdet og forbindinga mellom form og innhald. Med form meinar eg alle rom me er omgitt av, alle system, mønster og konvensjonar; korleis står dei i forhold til innhaldet? Gir forma rom for livsinnhaldet? Kven er formene for, kven tener dei? Former kan bli til fasadar der fokuset er på det ytre uttrykk, det gir lite rom for livserfaringar og eksistensen til personane som bur/lever i denne samfunnsform. M. Foucault og K.E. Løgstrup er opptatt av form og formløshet. Forholdet mellom orden, struktur, kaos. Grenser og rammer. Form som frihet og form som tvangstrøye. Moralsk atferd kan lett bli sett på som ein plikt i forhold til den beståande orden. Men moral er ikkje berre til for å halde styr på den verda me sjølv har innretta oss, konstruert. For å vere levande må moralen også umiddelbart og spontant forhalde seg til det som ligg hinsides det me kallar kultur; den verda me sjølv ikkje har innretta oss, men må ta som den eingang er. (Løgstrup,(1961)1995). 1. PROBLEMSTILLING/MÅLSETTING Målsettinga med oppgåva er å drøfte forutsetningar for fri-rom, kva som opnar for det, og kva som hindrar det. Det handlar blant anna om å finne balansen mellom grenser som gir vern og grenser som ekskluderar. Det konkrete rom i oppgåva er Møtestedet; ein kafé i sentrum av Oslo. Kafeen har sosialfagleg profil og skal vere ein open og inkluderande møtestad for rusavhengige. I Årsmelding 2005 står det at tilbodet trengs fordi fleirtalet av gjestene ikkje får adgang til verken kafear eller andre innandørs soner av det offentlege rom som den øvrige befolkning. Møtestedet er ein del av Kirkens bymisjon og byggjer på verdiar som verdigheit, fellesskap, rettferd og solidaritet. I Kirkens bymisjons verdidokument står det blant anna at solidaritet handlar om å stå saman med andre i eit gjensidig og likeverdig forhold. Det er dette relasjonelle, samt kafeens praktiske rom som er utgangspunktet for oppgåva. Kva for mulege fri-rom finst i denne kafé-konteksten? Fri-rom frå spanerar og politi, frå dealerar, fra samfunnets blikk, eit pusterom? Korleis er forbindinga mellom kafeens form og gjestenes bidrag og innflytelse på denne form, sett i forhold til fri-rom? I samtaler med nokre av gjestene om deira inntrykk av Møtestedet og deira erfaringar, kjem oppgåva også inn på andre rom på ulike plan: Møtestedet ligg midt i Skippergata, eit av samfunnets kontroversielle rom med ulike typer legal og illegal næringsverksemd og handel vegg i vegg. Kafeen er del av ei større samfunnsform og del av ein kristen/diakonal tradisjon. Vidare formidlar gjestene ein versjon av fri-rom på det mentale plan. Drøftinga av fri-rom vil ta utgangspunkt i Møtestedet som ein kafé sett i forhold til samfunnets rom og i forhold til det diakonale rom. Det relasjonelle og det mentale rom vil inngå i denne drøfting. Materialet som ligg til grunn for drøftinga vil vere henta frå samtalene med gjestene, og frå teori om rom og sjølvdanning ein diakonale kontekst/tradisjon og i ei samfunnsform sett i forhold til den moderne skammen. AVKLARING AV FORM OG INNHALD Begrepa fri-rom, form og innhald bygger på teoriar av Løgstrup, Foucault, Martinsen og Wyller. Samanheng og innhald i begrepa vil derfor bli utdjupa i teori og drøfting utover i oppgvåva, men eg startar her med ein innleiande presentasjon av begrepa, og av innhald og form på oppgåva. Eg opnar med å la det flyte ut litt for å utdjupe ein del spenningsfelt som ligg i forholdet mellom form og innhald, for så å smale det inn mot ei problemstillinga mot slutten. Begrepa form og innhald gjeld på dei fleste områder i livet. Vår kropp er den form som skal romme livet vårt; alle inntrykk som sit i kroppen. Kva gjer ein med alle inntrykk og alle erfaringar? Er det rom for dei i kroppen, i livet? Blir kroppen tvinga til å uttrykke noko som ikkje står i samsvar med innhaldet? Kva skjer når det ikkje lenger er kontakt mellom kropp og innhald. Når ein blir tvinga inn i roller og må leve etter det som er forventa frå dei ytre omgjevnader. Kor mykje av inntrykk og erfaringar kan ein kropp tåle å bere? Invadering av kroppens grenser kan gjere at den form som skal verne innhaldet viskes ut, flyt ut. Kroppen blir utlevert og blottstilt. Eller frys fast til ein tett fasade. Kva skjer når ein bomarderes med inntrykk så voldsomt at ein mistar sin frihet. Når det ikkje blir rom for medskaping og medverknad. Det kan gjelde på mange områder, og ulike typer stimuli.Løgstrup nevner ein type film og filmteknikk som mange gangar kan forsterke det sanselege inntrykk og den emosjonelle oppleving på sensasjonelt vis, noko som kan skade opplevingsevna; ”mennesket kan gå hen og bli ufølsomt overfor den usensasjonelle verden, ja, utilfreds med den”(1995,s.39). Det er ein del tendensar i dag til disharmoni og ubalanse mellom form og innhald på ulike plan. Kroppens overflate blir utsatt for eit overfokus og på ein del områder som ei vare for kjøp og salg, ikkje berre kroppen i seg sjølv men alt som skal gjerast med den, kva som skal og ikkje skal puttast i den av mat, drikke, medikament, og på den av kler, symbol. Tvangen i det store konformitetspresset marknaden legg på oss. Frykta for å skilje seg ut på feil måte. Møter med andre berører alltid eigne sider og eigne liv. Utryggheten i møte med det framande kan skape behov for å dele inn, klassifisere, definere og skape ein viss orden/form som gir avstand. Vestlege kulturar er ofte prega av ein gjennomorganisert og velstrukturert orden på alle plan. Denne orden møter utfordringa frå uromoment som forstyrrar det system ein prøver å bygge opp og halde fast på. Ein må ta stilling til det som ikkje passar inn, det som skapar uro, uorden og kaos. Det som bryt mønster. Løysinga kan bli å alltid ekskludere det forstyrrande element, det som ikkje tilpassar og innordnar seg den beståande form/norm. Utfordringa i profesjonsetikken og diakonien blir å ikkje fortsette med å plassere ekskluderte personar ”der ute” utanfor våre rom, der me prøver å ha full kontroll på det, men plassere dei midt i våre liv, i våre samanhengar, med ei tydeleg røst. Det inneber at ein må gje slepp på privilegiar – til å definere, til å sette premissane. Møte med andre personar og nye erfaringar utfordrar og utvidar etablerte tankemønster og former. Korleis gir forma rom for nytt innhald? Utgangsposisjonen min er at det må vere eit fri-rom, eit mellom rom tilstades for at ei form skal romme innhaldet. Eg skal utdjupe dette med eit eksempel fra møte med tiggaren i gata. Dette møtet glir inn i eit generelt mønster ved dagens samfunn der mykje av vår kommunikasjonen handlar om pengar. Eg blir nok ein gang satt i dilemmaet; kva skal eg bruke pengar på, kven skal eg gi til, kor mykje? Det han ber om av meg er pengar, medan eg tenker at det siste han treng er pengar til meir rus. Han treng eit varmt badekarbad og eit sunt måltid. Eg vil at han skal finne seg ein heim der det er varmt og trygt, ut fra mine kriteriar om kva som er eit godt liv. Han må slutte med rus, og leve eit meir verdig liv. For å kome dit, har eg ei oppskrift som til forveksling liknar på mitt eige liv. Det er altså mitt mønster for eit godt og verdig liv som gjeld. Spørsmålet er om mi form og livsmønster står i forhold til den andres livsinnhald, hans livserfaringar, behov og interesser. I møte med meg, treng altså denne personen eit fri-rom som kan beskytte han mot mine definisjonar av han og hans liv, og frå mitt behov for å forme han eller gi han ei form etter mitt mønster. Fri-rommet skal hindre meg i å dra konklusjonar der eg trur eg veit det meste om denne personen, utan å høyre hans versjon. Det kan gjere at eg oppdagar at han lever eit liv som eg ikkje veit så mykje om, som er forskjellig fra meg, og at han mest sannsynleg veit meir om verdighet og verdig liv, enn meg. Det må altså vere eit rom mellom oss, som hindrar invadering av begges liv, og som gir opning for bevegelse og påverknad begge vegar. Liv Rosmer Fisknes(som starta Nadheim, som Møtestedet er ein del av) seier i eit intervju at kyrkja har vore redd det ukjente. ”God teologi er tidløs og kan virke like godt i Skippergata som da Jesus møtte kvinnen ved brønnen. Det handler om at den ene ser den andre slik at den andre ser igjen, og får mot til å gjøre det. Uten at noen har overtaket(..) Det handler om å gi den andre tid og mulighet. En glad giver kan kvele den han vil nå med overøsing som bare tilfresstiller eget snillhetsbehov. (..).Respekt er aldri masete. Vi skal ikke gi hele tiden.” (i ”bymisjonen” 1/2003). Ho skriv om den andres rett til å gi; ”Det soleklare ved denne retten skjemmes ofte av et slags overlys som kan få meg til å se opp eller ned. Da har jeg allerede misbrukt den andres soleklare rett..”(1993:21) Gjennom vår haldning til kvarandre er me med på å gje kvarandre form. Eg er med på å bestemme kva for vidde og farge hans verden får. ”Jeg er med på å gjøre den rommelig eller trang, lys eller mørk, mangfoldig eller kjedelig – og ikke minst er jeg med på å gjøre den truende eller trygg.”(Den etiske fordring,2000:39-40). Løgstrup skriv at viljen til form ikkje er noko som berre visar seg hjå dei skapande kunstnarar, den er noko grunnleggjande menneskeleg som høyrer heime i eitkvart menneskes liv. Mennesket må møtes i noko tredje, ei formidling, ein felles sak/felles fokus som opptar og interesserer begge. Det betyr ikkje at ein er einig og deler same syn, men at ein pratar om - og møtes i same sak. Dersom eg i møte med tiggaren berre er opptatt av korleis han kan leve eit liv meir likt mitt, utan å høyre hans meiningar, -deler me ikkje same sak. Løgstrup skriv at når me samanliknar oss med kvarandre, enten det skjer for å føle vår eigen overlegenheit eller det skjer av misunning, er me i ein viss forstand heilt tett inn på livet av kvarandre, om enn berre i tankane, og fokuset skyves vekk fra det saklege og over på det personlege. Eit fri-rom gir distanse som består i at ein let den andre vere noko anna og meir enn sin handling, slik at det i den dom ein fell over den andre, er ein vilje til kommunikasjon med han om formen. Det er vilje til å få han med. Akkurat som det er vilje til å skape rom rundt han i hans forhold til normen, fordi det er frivillig ein vil ha ham med. Løgstrup skriv om dei konvensjonelle formenes dobbelte funksjon. Konvensjonane kan tene behovet for å gi vårt liv og våre samvær form, som er ein forutsetning for frihet og spontanitet, men det kan også virke motsatt: På den ein sida lettar dei vår omgang med kvarandre, gjer den uanstrengt. På den andre sida brukar me nøyaktig dei same konvensjonelle former til å halde oss på avstand frå kvarandre, inkapsle oss og ekskludere. I møtet med normen, dersom ein sjølv avstår frå å legge beslag på den og frå å bruke normen som ein giljotin for å henrette den andre på, har kjærleiken sin sjanse. (Kunst og etikk, 1961). Spørsmålet i forhold til denne oppgåva blir da kva som skjer med relasjonen, møtet og det tredje, det ukjente som er mellom oss, når den rusavhengige møter meg på Møtestedet, i staden for at han som tigger møter meg som tilskodar ute på gata. På kafeen er det satt andre rammer rundt møtet og spørsmålet er i kva for grad det er ei form som bidrar til å redusere avstanden mellom oss, ved at det gir mulegheit til å møtes i noko som er felles? Eg for min del har eit godt inntrykk av Møtestedets form og kaférom, eg likar stilen og rammene rundt mitt møtet med gjesten. Er det ei form som står meir i forhold til ”min kontekst”, mine preferansar og behov? På Møtestedet har eg ein kontroll som eg ikkje har i møte med den rusavhengige på gata, der eg er meir prisgitt ein orden og ein gate-kontekst, som eg ikkje kjenner heilt til. Samtidig kan noko av dette ukjente bli borte når vårt møte flyttes inn i kafeens rammer. Møtestedet tilbyr ei form i forhold til dei sider ved livet som kan framstå som blottstilt og utlevert i dei offentlege rom, blant anna ved å sette grenser for pengefokus, kjøp og salg. Kafeen set nokre grenser som skal verne innhaldet. Kan dette også vere grenser som fordrar ein viss likheit som gjer at eg går glipp av noko av den andres versjon? Som eg skal sjå på seinare seier gjestene noko om ulike sider ved terskelen og standarden på kafeen, og korleis denne kan virke på deira framtoning. Min hensikten med samtalene med gjestene er å høyre meir om deira inntrykk av kafeens form, og få tak i deira bidrag og utviding av dei fri-rom som kan finnes på Møtestedet. Det handlar altså både om mulege fri-rom rundt oss, eit rom me kan vere i, -det handlar om fri-rom i møtet mellom oss, i relasjonen, til sist handlar det også om menalt fri-rom. Alle desse rom heng saman. For at kroppen skal bli eit fri-rom må det vere ein viss distanse, eit rom å bevege seg i, eit rom å beveges i, eit rom som ikkje er definert. Det må vere plass til motstand, medvirking og medskaping. Eit rom for å ta inn alle inntrykk og bearbeide dei. Det krev at innhaldet blir tatt på alvor. Skal eit samfunn fungere, må ein ta hensyn til innhaldet - det liv som leves der. Det må vere lagt til rette for medverknad og medskaping frå alle grupper, ikkje berre frå den veltilpassa borgar. Skal ein ta hensyn til innhaldet i global samanheng, vil ikkje jorda klare å bære belastninga dersom vår livsstil blir overført til den 3. verda. Er denne livsstil ei konstruert form som ikkje har rot i virkeligheten og vårt felles eksistensgrunnlag? Kontrollert av ein liten gruppe som ikkje tek hensyn til innhaldet. Ei form som gløymer den større samanhengen me er ein del av, det udefinerte, det som er utanfor våre konstruksjonar. Den større samanheng som ingen veit alt om, der ein stiller likt. Kari Martinsen skriv om ein positiv form for skam som er basert på eit menneskesyn der mennesket og dets opphav er uutgrunneleg. ”Skam er uttrykk for en sensitivitet i forhold til grenser som ikke skal overskrides, og vi føler skam når grensene er i ferd med å passeres.”( I artikkelen om ”Rom og arkitektur som ivaretaker av menneskets verdighet” i boka: Skam. Perspektiver på skam, ære og samløshet i det moderne, T.Wyller(red.) 2001:s.167). Når skam berre er kulturelt bestemt har den mest maktfulle kultur myndigheit til å påføre andre skam. Skam brukes da som eit makt- og disiplineringsmiddel. Den makt det er skamløshet i, har ingen grenser i forhold til den andres og livets integritet. Menneskesynet er objektiverande og sorterande. Løgstrup utfordrar profesjonsetikken til å stå i dilemma der ein får fram motsetnadane i staden for å tvinge alt inn i eintydigheitar, kategorisering og klassifisering. Alle ytringar av liv, så snart dei har menneskeleg karakter, er samansette.(Løgstrup 1995). Det må derfor vere rom for variasjonar og ulikheit fordi mennesket, ved sidan av å vere grunnleggjande sosialt, også har eit mangfald av ulike sider og ulike erfaringar. Eit fri-rom betyr ikkje at alle er like, er einige, har same verdiar, tankar, følelsar og handlingar, det opnar heller opp for kontrastar og motstand. Oppsummerande kan eg si at eit fri-rom i møte mellom personar kan gi opning for begges liv, bevare urørlighetssona som omkransar eitkvart mennesket, integriteten, og gi det framande lov til å vere annleis i forhold til våre krav, ytre krav. Det gir rom for det tredje; det som ligg i relasjonen som verken er meg eller den andre, og det som blir til gjennom møtet, som berre er muleg dersom me har fokus på/deler ein felles sak. For at ei form skal stå i forhold til innhaldet må det vere kontakt/forbinding mellom form og innhald, altså ein nærhet -samtidig som det må vere distanse og rom for motstand for å bevare fri-rommet. Dersom samfunnet ikkje tek på alvor og vil ha kontakt med det livsinnhald som er der, vil det bli ei begrensa form som prøver å usynleggjere/fortrenge det ein ikkje ynskjer å forhalde seg til, men som likevel er der. Ein må forhalde seg til verden slik den ein gang er, ikkje berre slik den er i våre konstruksjonar og illusjonar. Men av og til kan virkelighetet bli så voldsom at det er behov for å skjerme seg. Ein må også ha nokre grenser, rammer. Er Møtestedet eit rom for dei livserfaringar som samfunnet ikkje rommar, som det ikkje er plass til? Er Møtestedet samfunnets forlenga arm, eller representerar kafeen ein viss motstand/alternativ og utviding i forhold til den offentlege livsform, klassifisering og innordning? Er det eit fri-rom litt ”hinsides” kulturens konstruksjon, eit rom som bryt litt av mønsteret og opnar for ein litt anna form for orden? Kva for rolle spelar gjesten i dette og kva er gjestens bidrag til konstruksjon av fri-rom? 3.KORT PRESENTASJON AV MATERIALET OG GANGEN I OPPGÅVA: Møtestedet er altså det konkrete rom i oppgåva som dannar utgangspunktet for drøftinga av mulege fri-rom. Kafeen vil først bli presentert ut frå samtaler med gjestene om deira inntrykk og erfaringar, og deretter i eit teoretisk perspektiv der eg ser på Møtestedet som diakonalt rom i ein historisk samanheng ut frå Kari Martinsen sine teoriar og analyse av rom. Kari Martinsen benyttar seg blant anna av Foucault og av Løgstrup. Alle tre kjem inn på teoriar i forhold til fri-rom og form. Der Løgstrup er opptatt av at våre samvær og sameksistens må bæres oppe av ei form, er Foucault opptatt av disiplinen; dei meir eller mindre skjulte mønster av disiplin som ligg i alle detaljar av eit rom/form, som prøver å okkupere fri-rommet, prøver å styre og dominere det ved å definere innhaldet, klassifiere og navngi kvar ingrediens i rommet, putte det i ein orden. Hans metode er derfor å dekonstruere forma og sjå på innhaldet, korleis det kjem til syne når det er fri fra sine sperrer, grenser, fra sin historiske og sosiale kontekst/form. Det er ei form for nullstilling der han prøver å finne eit tomt, opent rom, der ein kan skape seg sjølv, og utvikle ein form for sjølvomsorg som også gir plass for den andre. Likevel opnar Foucault for at det også kan finnes positive sider ved disiplinen, noko Martinsen byggar vidare på: Disiplinering i form av ei sjølvbegrensing for den andre, og den felles sak, sameksistensen. Både det teoretiske perspektiv og gjestenes perspektiv opnar opp for den større samanheng, og dei ulike rom, som Møtestedet er ein del av. Dette gjer at fokuset i oppgåva ikkje berre blir på Møtestedet og dei rusavhengige i Skippergata, men like mykje på oss andre og samfunnet rundt. Oppgåva søker etter ein felles sak/eit felles fokus som gjer at grensene mellom ”dei” og ”oss” blir mindre skarpe/tydelege, utan at likhet blir forutsetning for likeverd. Drøftinga av fri-rom vil derfor foregå på ulike plan; først i forhold til sjølvdanning i ein historisk og sosial samanheng, som fører over i den felles sak. På denne bakgrunn går eg nærare inn på drøfting av Møtestedet som fri-rom, der eg først ser generelt på marginale rom i forhold til samfunnets rom, deretter ser eg på det diakonale/rituelle rom. Det relasjonelle og mentale vil inngå i dette. Merleau-Ponty snakkar om kroppens evne til å skape livsrom – mentale og praktiske rom som kan gjere det muleg å vere bevisst og reflektert i forhold til seg sjølv og andre menneske. Gode rom er bebudde rom både mentalt og praktisk.(Espeseth,2004:82-83). For å oppsummere gjestenes versjon av fri-rom i to setningar gir deira erfaringar kunnskap om kroppens evne til å skape slike mentale livsrom/fri-rom. Vidare talar dei om blikk, om det å møtes ansikt til ansikt og det å møtes på midtvegen, ikkje gjennom bakvegen. Eg skal sjå på Møtestedet i forhold til det å vere eit slikt praktisk rom som kan legge til rette for å møtes ansik til ansikt, og skal gi lite innblikk i det /konkrete kaférom: Kort presentasjon av Møtestedet: Kaférommet er innreda med tanke på at det skal vere ein hyggeleg og stilfull stad å innta eit måltid, og er innreda funksjonelt, nøkternt og innbydande med same standard som andre kafear. Ved sidan av kafébord og stolar er det sofa, bokhylle og piano. Kaféraommet er også utstyrt med symbol som lystenningsalter, kors, ikonbilde i eit hjørne og ein handskulptur i eit anna hjørne, laga av ein kunstnar som er gjest i kafeen. For dei som ynskjer det er det tilbod om å delta i lystenningsstund/nattverd torsdagskveld. Det er plass til ca 30 personari kafeen, og rommet er opent og oversikteleg. Kafeen skal vere ein inkluderande møtestad for rusavhengige der dei kan stikke innom, slå av ein prat, slappe av, lese nye aviser og få seg eit godt og næringsrikt måltid. Møtestedet ynskjer å knytte gode relasjonar til gjestene, den enkelte gjest skal føler seg sett og respektert. Ein vil legge til rette for gode og uformelle møter. Gjestene av kafeen er blant anna brukarar av legale og illegale rusmidlar, medikament-assistert rehabilitering, personar utan fast bustad, personar med ulike psykiske lidingar, eller andre. Dei blir av Møtestedet omtala som gjester, noko eg også brukar i denne oppgåva. Eg vil no kort presentere tema og dilemmaer som kom opp i samtalene med nokre av gjestene, med fokus på fri-rom og den felles sak: 1.Gjestene seier noko om behov for ein fristad, om frihet og om kva fri-rom kan vere. 2.Eit tema går på grenser; balansegangen mellom det å inkludere den rusavhengige, og samtidig sette grenser for rus inne på kafeen. Utfordringar i forhold til det å vere eit fri-rom der gjesten får vere i fred og blir møtt med tillit, og på den andre sida det å sette grenser for salg og bruk, som gjer at gjesten kan føle seg overvaka og møtt med mistillit. 3.Dei seier noko om blikk, behovet for å bli sett og det å møtes ansikt til ansikt. Det handlar om det å møtes i ein felles sak/eit felles fokus. 4.Nokre av gjestene brukar begrepet ”sånne” og ”sånne som oss”; kven er dei og kva inneber det å plassere seg sjølv og vere ein del av denne kategorien? 5.Terskelen, takhøgda; denne blir opplevd ulikt av gjestene. Nokre av gjestene er meir slitne og har ei livsform som er meir utlevert enn andre. Det handlar om det å finne ein balansegang mellom gjestenes ulike behov i forhold til Møtestedets form. 6. Forholdet til samfunnet rundt; gjestene nevner det med å bryte ned barrierer, møtes på midtvegen. 7. Det relasjonelle og rituelle rom på Møtestedet; betydningen av relasjonar til ansatte på kafeen, vaner, trygghet, forholdet til den kristne profilen og lystenningsritualet. Her kjem gjestene inn på ulike erfaringar i møte med kristendom/form. Kari Martinsen skriv om at det å bu har å gjere med det å vere innfelt i ein større samaneheng. Rom og arkitektur kan tilby eit fri-rom der ein kan vere seg sjølv og finne fotfeste i tilværelsen. Det handlar om å gjere verden bebueleg, slik at ein kan føle seg heime, føle seg trygg. Å bu er å skåne jorda.(2001). Dette fører oss over til Maurice Merleau-Ponty og hans fokus på den levande kroppen. Kroppen er ikkje ein del av rommet som bord og stolar, men den bebor rommet: ”Som subjekt är den egna kroppen inte i rum och tid som träd och buskar, bord og stolar, utan ”den bebor rummet och tiden”.( i Bengtson, 2001:79). Merleau-Pontys “levde kropp” utgjer utgangspunktet for heile hans filosofi. Dette standpunkt medførar ein heilt ny måte å betrakte og tenke på innanfor filosofi og vitskap, noko som har med forholdet mellom innhald og form å gjere.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleFri-rom, forbindinga mellom form og innhald : Om det å møtes i ein felles sak som gir rom for det tredje: Den tre-ledda relasjon som forutsetning for fri-romen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-07-29en_US
dc.creator.authorKirkebøen, Hildeen_US
dc.subject.nsiVDP::150en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Kirkebøen, Hilde&rft.title=Fri-rom, forbindinga mellom form og innhald&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-12989en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo41703en_US
dc.contributor.supervisorTrygve E. Wylleren_US
dc.identifier.bibsys061470864en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32896/3/master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata