• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det utdanningsvitenskapelige fakultet
  • Institutt for lærerutdanning og skoleforskning
  • Nordisk didaktikk
  • View Item
  •   Home
  • Det utdanningsvitenskapelige fakultet
  • Institutt for lærerutdanning og skoleforskning
  • Nordisk didaktikk
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

"Hvis du kan fortelle dine elever femogtyve historier om det å være menneske, da vil de gå ut og revolusjonere verden" : ein fagdidaktisk studie av munnleg forteljing i undervisning av ungdom og vaksne

Refsum, Silje Mjelde
Master thesis
View/Open
No file.
Year
2007
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-17084

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Nordisk didaktikk [170]
Abstract
Dette er ein fagdidaktisk studie av munnleg forteljing i undervisning av ungdom og vaksne. Problemstellinga for undersøkinga har vore korleis ein som pedagog kan forstå munnleg forteljing i undervisning av eldre elevar. I dei siste tiåra har ein fått eit større medvit om narrativar i mange fagområde, også i pedagogikken. Forteljedidaktikk blei særleg aktuelt som fagfelt etter L97, men forteljedidaktikken drøftar hovudsakleg munnleg forteljing for yngre elevar. Dei to siste læreplanane legg også sterkast vekt på forteljing på dei lågaste klassestega. Derfor har eg vore interessert i å drøfta kva forteljedidaktikken kan vera for eldre elevar i lys av Kunnskapsløftet. Planen legg vekt på å arbeida med munnlege evner i alle fag, og eg har mellom anna drøfta kvifor munnleg forteljing kan vera ein arbeidsmåte i norskfaget. Dei teoretiske rammene for oppgåva legg vekt på kva rolle forteljing speler for utvikling av identitet og moralsk medvit. Jerome Bruner sin utdanningsteori er hovudkjelda her. Han er sentral innanfor kulturpsykologien, og i utdanningsteorien drøftar han mellom anna korleis ein skaper meining og konstruerer kunnskap gjennom den narrative tenkjemåten. Bruner sin teori gir viktige innspel til forteljedidaktikken for eldre elevar. Eg har også gjort seks kvalitative intervju med pedagogar og formidlarar som har erfaring med å fortelja munnleg for eldre elevar og studentar. Den empiriske undersøkinga har fått stor plass, og informantane sin praksisteori har vore eit viktig grunnlag for diskusjonen. Informantane får fram si erfaring med å fortelja munnleg i ein pedagogisk kontekst, og kva dei tenkjer om dei eksistensielle, kulturelle og sosiale aspekta ved denne formidlingsforma. Forteljedidaktikken for eldre elevar har litt andre perspektiv enn for yngre elevar. Tittelen på oppgåva er talande for kjernen i forteljedidaktikken og motivasjonen for å fortelja munnleg i undervisninga. Munnleg forteljing lærer om vesentlege sider ved det å vera menneske i ein kultur og i relasjon til ein kultur.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy