Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:17:37Z
dc.date.available2013-03-12T13:17:37Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-28en_US
dc.identifier.citationHanssen, Rigmor. Nye teknologiar i klasserommet. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32243
dc.description.abstractLærarar med norskfagleg kompetanse på ungdomstrinnet, elevar frå ungdomstrinnet og skuleleiarar frå tre grunnskular i Hardanger vart i mars og april 2009 intervjua om implementering av den digitale læringsplattforma It’s learning på desse tre skulane. Intervjua hadde som målsetjing å skaffa innsyn i kva som skjer i dei digitale klasseromma. Undersøkinga skulle finna ut kvifor skular tek i bruk læringsplattformer, samt sjå på pedagogisk bruk av teknologien knytt opp mot målsetjingar for norskfaget i Kunnskapsløftet. Læringsplattforma som reiskap i arbeidet med tilpassa opplæring, var ein viktig innfallsvinkel. Det teoretiske grunnlaget for arbeidet har vore den sosiokulturelle læringsteorien og teoriar om lærande skular. Datamaskina som medierande ressurs i undervisinga og i kva grad læringsplattformer kan støtta læring, har vore ein integrert del av dette. I fagplanen Kunnskapsløftet har eg sett på norskfaget og det nye hovudområdet: samansette tekstar, elles har fokuset vore på korleis arbeidet med digitale dugleikar er vektlagd i den nye læreplanen. Lærarar sine pedagogiske digitale dugleikar, som Karlsen og Wølner (2006) har konkretisert, var ein spennande innfallsvinkel til materialet. Ungdommar sin mediekultur og fritidskultur har og vore interessant i denne samanheng. Tilpassa opplæring er kjerneoppgåva til skulen og har fått stor merksemd. Både den smale og den vide forståinga av tilpassa opplæring er vorte presentert, samt teori og refleksjonar rundt bruk av arbeidsplanar, pc og læringsplattform som verkty for å realisera tilpassa opplæring. Å ha fokus på skulen som ein lærande organisasjon, var ein viktig faktor når det gjaldt å undersøkja ulike sider ved elevar, lærarar og rektorar si utvikling av læring og digital kompetanse. Temaet hadde i tillegg stor aktualitet i høve til implementeringsprosessen. Eg har sett på Bolman og Deal (2007) sine fire ulike perspektiv på organisasjonar og Lillejord (2003) si vektlegging av kommunikativ rasjonalitet eller kommunikative løysingar. For å kunna seia noko om kva som er viktig for ein leiar å ha fokus på, har eg i tillegg tatt utgangspunkt i Argyris & Schön sine teoriar om enkeltkrins- og dobbeltkrinslæring. Senge(1990) si heilskaplege tilnærming fall saman med sosiokulturelle forståingar av læring som ein kontinuerleg interaksjon mellom den lærande og den sosiale og kulturelle konteksten. Skulane som eg har gjort undersøkingar ved har god datatettleik i ungdomsskulen. Læringsplattforma er vorte ein naturleg del av skulekvardagen på desse skulane. Lærarane meiner at det er den administrative bruken av plattforma som dominerer, men ut frå det lærarar og elevar formidlar om bruken, kjem det fram at dei nyttar plattforma meir pedagogisk enn dei eksplisitt gir uttrykk for. At It’s learning har vore ein viktig faktor når det gjeld å auka dei digitale dugleikane til elevane, er respondentane einige om. I arbeidet med tilpassa opplæring er It’s learning eit godt verkty, då kommunikasjonen mellom dei ulike aktørane i skulesamfunnet vert lettare. Å følga opp enkeltelevar meir diskret, er ein vinst som vert trekt fram. Nokre lærarar er uroa over arbeidsformene som følgjer i kjølvatnet av utstrakt pc-bruk. Det vert stort fokus på individuelt arbeid og å arbeida etter ein arbeidsplan. Aktivitetane kjem i fokus, ikkje læringa. Fleire er uroa over at den munnlege bearbeidinga kan verta skadelidande, med mindre læring som resultat. Ein av skuleleiarane etterlyser læraren som klasseleiar, som set dagsorden og styrer aktivitetane, og ikkje minst pc- og plattformbruken. Eg trekkjer ein forsiktig konklusjon om at det ikkje eksisterer noko eigarskapskjensle på skulane når det gjeld implementeringa av læringsplattforma It’s learning. Ei forankring i skulen sin pedagogikk, med ei målsetjing for bruken, ville ha gjort implementeringa meir legitim. At ein ikkje kjenner teknologien godt nok til å kunna utnytta det potensialet som ligg i verktyet, er fleire av lærarane opptekne av. Skuleleiarane opplever at det stadig kjem nye satsingsområde frå sentralt hald. Det er difor vanskeleg å halda fokus over tid. Dette fører til at det vert vanskeleg å ha eit heilskapleg og langsiktig perspektiv på utviklingsarbeidet i skulen.nor
dc.language.isonoben_US
dc.titleNye teknologiar i klasserommet : innføring av læringsplattforma It's learning ved tre grunnskular i Hardangeren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-08-10en_US
dc.creator.authorHanssen, Rigmoren_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hanssen, Rigmor&rft.title=Nye teknologiar i klasserommet&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22276en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92358en_US
dc.contributor.supervisorJan Olav Fretlanden_US
dc.identifier.bibsys092903584en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32243/1/Ferdig3pdf.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata