Abstract
Samandrag
Då eg byrja som nyutdanna lærar var det i god tru om at eg var rusta til å møta dei utfordringane som møtte meg i skulen. At ein som lærar aldri vert utlært visste eg, og eg var alt klar for meir utdanning så eg hadde byrja på vidareutdanning innan masterstudie i tilpassa opplæring og læringsstilar. Etter å ha jobba det fyrste året visste eg kva eg ville skriva oppgåve om. Det viste seg at sjølv om eg hadde norsk som fag frå lærarhøgskulen, hadde eg likevel ikkje vore borti temaet skriftforming. Eg leita etter litteratur og forsking på området, men fann lite god norsk litteratur på dette feltet. Elevane hadde inspirert meg til eit forskingsfelt som fanst lite norsk forsking på. Eg fann ut eg ville gjera noko med dette.
Eg ville ha svar på om det var best med lykkjeskrift eller stavskrift som samanhengande skrift, og om versal eller minuskel var det mest føremålstenelege med tanke på samanhengande skrift og med tanke på kompetansemålet etter 4. klasse om ei funksjonell og samanhengande skrift. Etter å leita etter litteratur, lese litt og samtala med rettleiar kom eg fram til denne problemstillinga:
Er det mest føremålsteneleg for ein elev på 1. trinn å ha byrjaropplæringa med minusklar eller versalar?
Kan valet i 1. klasse vise att på kvaliteten av skrifta i 4. klasse?
For å finne ut av dette valde eg å ta skriftprøvar av elevar i åtta 2. klassar og sju 4. klassar i same kommune. Skriftprøvane var like for begge klassetrinna og eg reiste sjølv rundt på skulane for å gjennomføra prøvane. Prøven gjekk ut på at eg las eit utdrag frå ”Hakkebakkeskogen”, medan eg illustrerte med bilete. Etterpå fekk elevane 8 minutt på seg til å skriva ei fortsetting, eventuelt eit samandrag av det eg hadde lese. Eg var ute etter den spontane skrifta til elevane, og dei fekk beskjed om å skriva slik dei hadde gjort om det var ein vanleg time. Eg forventa meg varierande mengde tekst, sida 2. klasse kunne tenkast at var litt for unge til ei slik oppgåve. Difor fekk dei og skrive alfabetet etter diktat frå meg. Bekymringane var unødige, alle produserte noko, så eg hadde flust av bokstavar å nytta meg av. Alfabetteksten vart difor makulert.
Prøvane vart delte i fire ulike prøvegrupper, prøvegruppe 2m var 2. klassingar som hadde byrja med minusklar, prøvegruppe 2v var 2. klasse som hadde byrja med versalar, prøvegruppe 4m var 4. klasse som hadde byrja med minusklar og prøvegruppe 4v var 4.klasse som hadde byrja med versalar. Totalt fekk eg 88 prøvar, nokre av desse var stjerneprøvar, prøvar gjort av elevar som hadde dysleksi, motoriske vanskar eller som av andre grunnar ikkje hadde ei adekvat skriftformingsutvikling.
Eg utvikla vurderingskriterium som eg vurderte prøvane ut frå. Desse gjekk i korte trekk ut på om elevane hadde spegling, blanding av bokstavformer, totalt tal bokstavar og ei heilskapsvurdering der eg blant anna såg på om bokstavformene var reine og klare, om dei haldt lina i den grad det gjekk an å les utan å blanda liner, om dei hadde god lukking og dekkstrekk.
Det fyrste som viste seg var at dei to prøvegruppene frå 2. klasse hadde stor forskjell i tal bokstavar. Dei som hadde byrja med versalar hadde betre gjennomsnittspoeng på heilskapsvurderinga og dei skreiv fleire bokstavar totalt. Verken prøvegruppe 2v eller prøvegruppe 2m hadde noko særleg spegling, men noko førekomst av blanding av bokstavformer. Prøvegruppe 2v skreiv ikkje versalar slik eg hadde trudd, dei aller fleste skreiv minusklar.
For 4. klassane var største skilje at prøvegruppe 4m skreiv samanhengande medan dei fleste i prøvegruppe 4v skreiv minusklar. Den samanhengande skrifta til prøvegruppe 4m var verken lykkjeskrift eller stavskrift. Eg valde likevel å karakterisere den som lykkjeskrift, sida kjellarbokstavane var bundne saman med lykkjer. Både t og f hadde tverrstrek, noko som er eit trekk i stavskrifta. At både p og b var lukka hjå dei aller fleste har eg ikkje noko svar på. Både i lykkjeskrift og stavskrift skal desse vera opne. Det var kunn to førekomstar av spegling og blanding i desse to prøvegruppene.
Slutninga mi vert såleis at elevane trygt kan byrje med minusklar i 1. klasse. Sjølv om heilskapsvurderinga vart noko lågare enn hjå dei som starta med versalar, ligg dei likevel nærare opp mot kompetansemålet om ei samanhengande og funksjonell handskrift etter 4. klasse.
Valet som vert gjort i 1. klasse påverkar klart skrifta i 4. klasse. Om ein startar med minusklar kjem ein nærare kompetansemålet om ei samanhengande og funksjonell handskrift etter 4. klasse, men om ein byrjar med versalar i 1. klasse får ein ei betre skrift. Det hadde vore kjekt å sett desse elevane skrive samanhengande for så å samanlikna dei med dei som byrja med minusklar.