Abstract
Bakgrunn og føremål
Interessa for tema språk og åtferd har gradvis auka i samband med mitt arbeid som spesialpedagog på PPT. Med bakgrunn som førskulelærar og logoped er barn sitt språk i førskulealder det eg har størst interesse for, og som eg arbeider mykje med.
Føremålet med denne undersøkinga har vore å få ei djupare forståing for temaet språkleg kompetanse. Dette temaet har eg sett i lys av åtferdsvanskar i førskulealder.
Problemstilling
Undersøkinga si problemstilling er formulert slik:
Kva kjenneteiknar den språklege kompetansen til eit utval barn i barnehage som er tilmelde PPT, der tilmeldingsgrunnen er åtferdsvanskar?
Problemstillinga er utdjupa med følgjande forskingsspørsmål :
1. Kva kjenneteiknar barna sine språklege ytringar i sosialt samspel?
2. Korleis er barna si forståing av talespråket i sosialt samspel?
Metode
Metoden i undersøkinga er i hovudsak kvalitativ, og har eit casestudie design. Datamaterialet er samla inn ved hjelp av observasjon utan tekniske hjelpemiddel, samt kvalitativ metode i form av testar på språkutvikling og åtferdsvanskar.
Utval av case består av to barnehage barn i alderen 4-5 år. Kriteria for utval av case er tilmelding til PPT der tilmeldingsgrunnlaget var åtferdsvanskar.
Case studie design gav meg moglegheit til å fylgje barna i mange ulike situasjonar i barnehagen. For at observasjonane skulle bli oversiktlege nytta eg meg av ein observasjonsguide der eg fordelte observasjonsmetodar etter daglege aktivitetar i barnehagen. Dette vart vidare nytta i analysearbeidet for å finne eventuelle mønster i
observasjonane.
Resultat
Funna viser at begge case nyttar lite verbalt og mykje non-verbalt språk i kommunikasjonen. Det vert helst korte samtalar, og kommunikasjonen bryt ofte saman. Vanskar med å oppfatte den språklege konteksten og mangelen på ytringar i sosialt samspel er ofte ein utløysande faktor til misforståingar. Desse faktorane ser ut
til å medverke til at barna ofte hamnar i konfliktar i sosialt samspel med andre, og dei får ikkje innpass i leiken med jamaldringar. Vaksenstøtte i leik, læring og rutinesituasjonar representerer funn av positiv karakter.