Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:10:25Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-05-25en_US
dc.identifier.citationRåd, Heidi Djupvik. Møtet, til hjelp eller hinder. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31878
dc.description.abstractEg var på foredrag med mor til gut med AD/HD. Ho fortalte korleis det var for dei å få denne guten på åttitalet og kva hjelp ho fekk og ikkje fekk. Dette var veldig gripande så eg bestemte meg for å skrive masteroppgåve om dette temaet og har ho som ein av informantane. Føremålet har vore å finne ut korleis foreldre med bekymring for barnet sitt opplever å møte pedagogane i barnehagen. Dette for at vi som pedagogar skal bli flinkare til å møte og hjelpe foreldra. Vonleg vil oppgåve hjelpe oss å sjå foreldreperspektivet, skjønne meir om korleis det er å få eit barn med spesielle behov. Kanskje den og vil gjere oss meir frimodig til å vise dei vidare om vi ser vi ikkje kan hjelpe dei. Problemstillinga mi vart:»Korleis opplever foreldre med bekymring for barnet sitt å bli møtt av pedagogane i barnehagen?» Eg er sjølv pedagog i barnehagen og ønskjer å bli stadig flinkare å møte foreldre, difor denne avgrensinga. Trur likevel resultata eg har funne kan overførast til andre møter mellom foreldre og fagfolk. Eg har valgt ei kvalitativ forskningstilnærming der eg har intervjua fem mødre. Desse har sjølve meldt tilbake at dei vil la seg intervju og har samtykka i at eg kan bruke alt dei har sagt i oppgåva. Eg tok alt opp på kassett og nemner ingen navn. Alt som vart sagt vart ordrett transkribert, men kutting i bakgrunnsmaterialet deira i sjølve oppgåva har og vore naudsynt for å skjule identitet. I intervjuguiden hadde eg tre hovudspørsmål. Det første var: Korleis vil du skildre bakgrunnen til barnet ditt og bekymringa di? Eg vil ha med dette for lettare å kunne skjønne reaksjonane, opplevingane og ønskja til foreldra. Informantane her var veldig opne og fortalte om fødselen, at tre var for tidleg fødte, hadde hjerneblødning, ei var født med hørselsproblem og ein med hyperaktiv framferd. Det varierte veldig om dette var deira første barn eller ei. Dette gjorde og opplevingane av problematikken og mengde bekymring. Dei to andre er om korleis dei opplever å komme til pedagogane i barnehagen med bekymringane sine? Her er det både positive og negative opplevingar. Nokre har blitt lova spesialtimer, men ikkje fått det, ei anna har fått påverke, og ting ho har bedd om, har blitt gjort med ein gong. Ho var trygg på pedagogen, og han har respektert og vist empati overfor ho. Ei møtte ein styrar som ikkje visste kven som skulle jobbe med dottera hennar, og mora med erfaringar frå åttiåra vart servert råd som passa på eit A4 barn utan ein gong å spørje korleis dei hadde det. I det siste hovudspørsmålet spurte eg om dei har tips til korleis dette møtet kunne ha vorte betre. Her kom dei inn på korleis dei ønskjer å bli møtt, og det handlar om å få til eit best mogeleg samarbeid til barn sitt beste. Stikkord her er god informasjon, spør mest mogeleg om familien og dann deg ein bilete før du gir råd. Andre tipsa oss om å skape trygge, gjensidige dialogar der begge partar tørr å vere opne og lydhøyre for kvarandre. Under desse tre hovudspørsmåla hadde eg fleire underspørsmål. Eg trengte sjeldan å stille desse fordi samtalen gjekk av seg sjølv og etter intervjuet hadde informanten svart på alt. Det har vore flotte intervju som eg har lært mykje av. I masteroppgåva har eg starta med teoriar eg tykkjer høver til problemstillinga mi. Dette har vore til dømes Bateson sitt kommunikasjonsperspektiv- «alt er kommunikasjon», Rye sine interaksjonsmønster med foreldre og deira ulike forutsetningar for samarbeid og Aanderaa sine tankar om korleis det er å vere foreldre idag. Desse og andre teoriar har eg og trekt inn og drøfta i emiridelen min. Mellom desse to delane kjem ein del om metodebruken min. Når eg no sit med ei ferdig oppgåve, kan eg konkludere med at eg har lært veldig mykje, blitt meir medviten eiga førforståing og tilegna meg gode metodar for å møte foreldre og sjå deira perspektiv. Håpar eg difor vert ein mykje betre samtalepartnar når eg kjem tilbake på jobb. Vonar dette er ein konklusjon de som les den og vil komme til. Lykke til!nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleMøtet, til hjelp eller hinder : korleis opplever foreldre med bekymring for barnet sitt å bli møtt av pedagogane i barnehagen?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-08-27en_US
dc.creator.authorRåd, Heidi Djupviken_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Råd, Heidi Djupvik&rft.title=Møtet, til hjelp eller hinder&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-15608en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo60809en_US
dc.contributor.supervisorDag Skramen_US
dc.identifier.bibsys071134794en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata