Abstract
Med bakgrunn som medlem i krisetelefonen og styremedlem i Krisesenteret i Sogn og Fjordane, vart eg meir og meir gripen av kva som skjer ved å verte utsett for familievald. I 2001 var eg på ei forelesing der Per Isdal snakka om barn vitne til vald , noko som gav eit sterkt inntrykk og mange ettertankar. Dette toppa seg då eg såg ein video om kode 6. Åleine, er redde og forsvarslause kvinner og
barn overlatne til seg sjølve på hemmeleg adresse, og med frykt for å verte funnen av valdsutøvar. Med skjult identitet og sletta frå alle register vert kvinna ansvarleg for all kontakt med omverda, også med det offentlege. Dei vert isolerte frå familie, nettverk og eigen identitet. I masteroppgåva ønskjer eg å sette fokus på denne gruppa, og spesielt på barna som eg trur har vorte gløymde i problema rundt familievald. Gjennom empiri og teori har eg prøvd å finne ut ogforstå kva som fører kvinner og barn ut i eit isolert liv på hemmeleg adresse.
Eg nytta kvalitativ metode og intervjua leiaren for Krisesenteret i Sogn og Fjordane, politiet sin familievaldkoordinator i same fylket og rettleiaren til krisesenteret som jobbar i BUP. Intervjua er tekne opp på diktafon og transkribert ordrett. Problemstillinga er: På kva måte er mor og barn prega av familievald når dei kjem til krisesenteret? Kva gjer politiet i saker med familievald? Kvifor hamnar mor og barn på hemmeleg adresse, og korleis er det å leve slik? Er dette eit forsvarleg tiltak? Det kan sjå ut til at terskelen for å oppsøke krisesentera i Noreg er høg, og at ein
derfor kan rekne med at skadane for offer og vitne til vald har sett sine spor både fysisk og psykisk. Intervjuet frå krisesenteret i Sogn og Fjordane kan tyde på at flest gutar er utagerande, medan jentene tek ansvarsroller og vert stillferdige og anonyme. Ikkje alle barn veit kvifor dei er komne til krisesenteret. Intervjua og
teori (Råkil 2005) tyder på at det er viktig å snakke om valden, og at barna vert sedde av vaksne som har med barna å gjere. Situasjonen til barna kan i mange tilfelle verte undervurderte av mor. Barna er meir involverte enn ho trur, og situasjonen har gjort eit stort inntrykk på dei. Det er grunn til bekymring når dei fleste barna som kjem til krisesentera i Noreg, er 5 år eller yngre (Jonassen 2005).
Utifrå forsking er dette den mest sårbare gruppa, når det gjeld å vere vitne til vald (Aschjem & Vatnar 2005, Kirkengen 2005). Ein del kvinner opplever det som ein reell fare for at valdsutøvar får samversrett med barna, til tross for at dei er utsette for eller vitne til valden i heimen. Dette ser ein også frå studie av rettspraksis i Noreg (Skjørten 2005). Mor vert hos valdsutøvar for å verne barna. I tillegg til truslar kan dette også medverke til at ho ikkje melder valdsutøvar til politiet. Den manglande innsikta kvinna har på kva som skjer med henne og barna under familievald, kan prege vala ho tek. Det vert derfor viktig at planane for å hjelpe mor og barn til å bearbeide valden og kome seg ut av situasjonen vert
realisert. Mine samtaler med informantane tyder på at det er ein styrke når krisesenter har godt samarbeid med BUP, barnevern, helsestasjon og politi. Utifrå informantane og teori (Skjørten 2002, Grimsæth 2005a) tyder det på at satsinga på familievald har ført til positive endringar av haldningar og sakshandtering i politiet. I tillegg til kvinner og barn som vert plasserte av politiet på kode 6
når det er håplaust å gjere noko med familievalden, finn eg ei gruppe som er i skjul utan kode etter å ha tapt i retten. Far har vore mistenkt for overgrep mot barna og får samversrett. Mor lever med barna som rettslause for å beskytte barna mot overgrep utan vern frå verken politi eller hjelpetiltak. Den første gruppa ser ut til å verte svikta av hjelpeapparatet, medan den andre gruppa får god hjelp av støttande nettverk. Begge gruppene er prega av valden og livet i skjul, og er redde for at valdsutøvar finn dei. Den andre gruppa kan også verte etterlyst av politiet. Barna har ofte eit avgrensa håp om framtida, og det kan mellom anna verte vanskeleg å få seg utdanning. Dei kan verte 25 år før dei kan gå ut av skjul, då dei ofte må vente til yngre søsken er myndige. Informantane i undersøkinga meiner at hemmeleg adresse ikkje er forsvarleg. Konsekvensane for mor og barn er for store. Dei kjenner heller ikkje til politiske føringar for å få dei ut av skjul. Alle har stor tru på eit godt nettverk rundt
valdsoffera, og at eit godt tverretatleg samarbeid vil gjer ein sterkare i kraft av den samla kompetansen. Konklusjonen for oppgåva er at myndigheitene må sette hemmeleg adresse (både med og utan kode) på dagsorden, ta sitt ansvar, og legge forholda til rette slik at kvinner og barn får fridomen tilbake.