Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:15Z
dc.date.available2013-03-12T13:09:15Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2005-11-11en_US
dc.identifier.citationAabrekk, Heidi. Utvikling av sosiale ferdigheter ved bruk av aktivitet i gymsalen. Masteroppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31686
dc.description.abstractTittel:Utvikling av sosiale ferdigheter ved bruk av aktivitet i gymsalen -eit elevperspektiv på ein innovasjon i skulen Bakgrunn: Det stadig aukande fokus på åtferdsproblema i skulen synleggjer pedagogar sitt behov for undervisningsopplegg for barn og unge med manglande sosial kompetanse. Formål: Å førebygge psykososiale vanskar gjennom å auke elevane sin sosiale kompetanse. Heilt konkret vil det seie å forbetre praksis på dette området ved å utvikle og evaluere eit undervisningsopplegg som lar elevane oppleve glede over å vere i aktivitet saman med andre, og gir dei høve til bevisst trening av sosiale ferdigheter. Hovudproblemstillinga mi er: Korleis kan ein trene sosiale ferdigheter ved bruk av aktivitet i gymsalen? Eg ønsker å ha eit elevperspektiv, fordi brukarperspektivet er kjerna i strategien eg har valgt. Difor vel eg denne underproblemstillinga: Kva oppleving har elevane av å trene på sosiale ferdigheter i gymsalen? Strategi: Eg har på bakgrunn av problemstillingane mine valgt innovasjon som strategi, og utviklingssløyfa (Skogen 2004) har vore mitt verktøy. PS-modellen har vore mal for planlegging, gjennomføring og evaluering. Eg planla og gjennomførte 18 timeopplegg for 6. og 7.klasse i to grupper à 11 og 12 elevar. Metode: Evalueringsdelen byggjer ikkje på evalueringsforsking, men på ei enkel tilnærming som tar utgangspunkt i kvalitative forskingsmetodiske verktøy som intervju og observasjon (loggskriving). Resultat: Eit konkret og begrunna forslag til 11 undervisningsopplegg og 4 repetisjonsøkter med utvalgte tema og aktivitetar som egnar seg for elevar i 6. og 7.klasse. Det er gode moglegheiter til utviding og endring. Konklusjon: Materialet viser at elevane totalt sett har hatt ei positiv oppleving av å trene på sosiale ferdigheter i gymsalen. Dei fekk utvida ordforrådet sitt, og fekk reflektert mykje over når og kvar ein kunne ha nytte av dei sosiale ferdighetene. Elevane fekk også høve til å bruke dei sosiale ferdighetene i praksis gjennom aktivitetane. Undervisningsopplegget opna i stor grad for meir aktivitet i skulekvardagen. Elevane uttrykte i tillegg gjentatte gongar glede over å vere i aktivitet saman med kvarandre. På bakgrunn av dette kan ein konkludere med at frå eit elevperspektiv er idèen formålsteneleg på kort sikt. Noko meir usikkerhet er det kring dei langsiktige måla fordi det på den eine sida er vanskeleg å måle effektar av slike arbeidsmåtar. På den andre sida viser forskinga at det er slike skulekontekst-fokuserande tiltaksmodellar som er dei mest lovande. Med utgangspunkt i idèen som er prøvd ut, så kan ein, om enn ikkje utvilsomt, sei at idèen også med bakgrunn i forskinga er verdt å arbeide vidare med. Vidare er det eit spørsmål om ein slik innovasjon vil kunne føre til forbetring av praksis. Ved denne skulen var der ingen systematisk praksis på dette feltet, så på bakgrunn av dette (men også med eit skråblikk til kva som fins generelt, jf. Rapport 2000) tilseier det at dette undervisningsopplegget har potensiale til å supplementere og forbetre den praksis for trening av sosiale ferdigheter vi har i dag dersom det blir vidareutvikla. Studiet indikerer at dersom ein går nøye gjennom fasane for ei varig og vellukka endring, og tilpassar opplegget til den gjeldande gruppa, så kan ein oppnå liknande situasjonar som opnar for refleksjon og gode diskusjonar.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleUtvikling av sosiale ferdigheter ved bruk av aktivitet i gymsalen : eit elevperspektiv på ein innovasjon i skulenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-13en_US
dc.creator.authorAabrekk, Heidien_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Aabrekk, Heidi&rft.title=Utvikling av sosiale ferdigheter ved bruk av aktivitet i gymsalen&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-11544en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo32623en_US
dc.contributor.supervisorReidar Safvenbom, Kolbjørn Varmannen_US
dc.identifier.bibsys060023058en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata