Abstract
SAMANDRAG
Tittel:
Grammatikk, semantikk og lesedugleik. Ein studie av samvariasjonar mellom lesedugleik og morfologisk, syntaktisk og semantisk kunnskap hjå begynnarlesarar.
Bakgrunn:
I eit informasjonssamfunn i stadig utvikling er ei av grunnskulen sine mest sentrale oppgåver å hjelpe barn og unge til å utvikle gode skriftspråklege dugleikar. På same tid som samfunnet stiller stadig større krav til den einskilde sin lesedugleik, syner forsking at ei stor gruppe barn og unge manglar tilstrekkeleg skriftspråkleg kompetanse. I tidleg leseopplæring står gjerne fonologien og meistring av det alfabetiske prinsipp i fokus. Nyare internasjonalt publisert forsking synes å vise at også morfologisk, syntaktisk og semantisk kunnskap er viktig for dei tidlege stadia i leseutviklinga, og at kompetanse knytt til desse lingvistiske delområda korrelerer med lesedugleik i begynnarfasen. I Noreg er det berre gjort eit mindre tal undersøkingar på området.
Problemstilling:
Gjennom følgjande hovud- og underproblemstillingar søkjer ein å kaste lys over ovanfornemnde aspekt:
Kva samvariasjonar er det mellom lesedugleik og grammatisk og semantisk kunnskap hjå begynnarlesarar?
1. Kva samvariasjonar er det mellom lesedugleik og morfologisk, syntaktisk og semantisk kunnskap; og i kva grad synes komponentane å kunne forklare variansar i lesedugleik?
2. Er det skilnader i samvariasjonar hjå begynnarlesarar i andre og tredje klasse?
3. Gitt at det finst samvariasjonar mellom variablane; korleis artar desse seg i gruppene særleg sterke og særleg svake lesarar?
Metode:
Det er valt ei empirisk-kvantitativ tilnærming til forskingsspørsmåla, og prosjektet er gjennomført som ein ex-post-facto-studie der ein ser nærare på samvariasjonar mellom undersøkte variablar. Utvalet i undersøkinga er sett saman av 37 andre- og tredjeklassingar som alle er kartlagt med leseprøvene OS 400 og SL 60, samt vokabulartesten BPVS II og grammatikkprøva TROG II. Deskriptiv statistikk er nytta i analyse av innsamla data. Ei grundig skildring av skårefordelingar i materialet dannar grunnlag for gjennomførte korrelasjons- og regresjonsanalysar. Ein tek såleis sikte på å skildre samvariasjonar mellom undersøkte variablar, og slik også nærme seg spørsmål av prediktiv karakter.
Resultat og konklusjonar:
Analysar av innsamla data viser moderate og delvis signifikante samvariasjonar mellom undersøkte variablar. Samgangen mellom grammatisk kunnskap og lesedugleik synes å vere sterkare enn samgangen mellom semantisk kunnskap og lesedugleik. Korrelasjonane varierer vidare både med klassetrinn og leseutviklingsnivå. Sett i samband med prosjektet sine teoretiske drøftingar, samt nyare internasjonalt publisert forsking, synes funna å stadfeste at morfologisk, syntaktisk og semantisk kunnskap samvarierer med leseutvikling i begynnarfasen, og at slik kunnskap, ved sidan av fonologisk, synes å utgjere eit naudsynt grunnlag for meistring av det alfabetiske prinsipp. Undersøkinga synes også å vise at ulike typar lingvistisk kunnskap særleg samvarierer med visse fasar og stadium i leseutviklinga.