Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:13:43Z
dc.date.available2013-03-12T13:13:43Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-29en_US
dc.identifier.citationSenneset, Therese Skudal. Afasi og tospråklegheit. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31517
dc.description.abstractProblemstillinga Ein kan anta at halve jordas befolkning er tospråklege. Ein ser ei auking blant den tospråklege befolkninga både her til lands og i andre vestlege land. Samstundes antar ein at talet på hjerneslag vil auke med så mykje som 50% den neste 20-30 åra, grunna at også andelen eldre i befolkninga auka. Rundt 25% av dei som får hjerneslag blir ramma av afasi. Afasi er ein erverva språkvanske som følje av slag eller hjerneskade. Dette tatt i betraktning kan ein konkludere med at talet på tospråklege personar med afasi også vil auke, og derfor er det også viktig med gode kartleggingsverktøy for desse. For å kartlegge språka til ein tospråkleg afasiramma må ein kunne samanlikne ferdigheitene på tvers av språka. Paradis og Libben (1987) har utforma eit testbatteri nettopp til dette formålet, og i 2009 vart BAT tilpassa til norsk av Monica Knoph ved Bredtvet kompetansesenter (McGill University). Ut i frå dette har eg valt føljande problemstilling: Korleis er den norske versjonen av The Bilingual Aphasia Test samanlikna med den engelske versjonen. Er det to like testar berre på to forskjellige språk? For å kunne belyse problemstillinga har eg undersøkt korleis normalspråklege tospråklege på norsk og engelsk, presterer på den norske og engelske versjonen av The Bilingual Aphasia Test. Med dette som utgangspunkt kan eg samanlikne resultata frå dei to versjonane, og vurdere om desse er to likestilte testar. Metode og material Dette studiet har eit ikkje-eksperimentelt kvantitativt forskingsdesign, og har nytta meg av eit deskriptivt studie for å kunne belyse problemstillinga. Ved å ha eit ikkje-eksperimentelt forskingsdesign vil eg ikkje manipulere dei undersøkte variablane, men heller vurdere resultata frå BAT slik dei kjem fram i undersøkinga. Målet med undersøkinga er ikkje i seg sjølv å måle informantane sine prestasjonar på The Bilingual Aphasia Test (BAT), men undersøke kva desse prestasjonane kan fortelje om testen. Den norske og engelske versjonen av BAT vart tatt i bruk til innsamling av data. Alle informantane mine var normalspråklege tospråklege, og hadde engelsk som morsmål og norsk som andre språk. Ved hjelp av dataprogrammet ”statistical Packages of the Social Sciences” (SPSS) har eg utført analyse av datamaterialet. Det vart gjort enkle utrekningar for å kunne beskrive resultata frå dei to versjonane av BAT. Resultata vart og analysert i forhold til den tillatne grensa for feilsvar som Paradis og Libben (1987) har satt til kvar enkelt oppgåve. Resultat og konklusjon Oppsummert tyder resultata på at informantane fekk betre utteljing på den engelske versjonen av BAT. Resultata visar at fleire av oppgåvene og testledda i BAT var vanskelege, både på den norske og engelske versjonen. Dei oppgåvene og testledda som utpeika seg blir presentert og diskutert opp mot andre studiar, samt mot kvarandre. Ut i frå andre studiar får ikkje normalspråklege tospråklege personar full utteljing på den norske versjonen av BAT. Informantane i dette prosjektet klarar heller ikkje full skåre, og nokon deloppgåver oppnår dei ikkje tillatt grense heller, og dette viser seg å gjelde både den norske og engelske versjonen av BAT. Sjølv om desse testpersonane generelt gjorde det betre på den engelske versjonen samanlikna med den norske, stemmer desse resultata overeins med sjølvrapporterte ferdigheiter innanfor dei to språka. Sjølv om det er avgrensa i kva grad resultata frå eit sopass lite utval kan generaliserast, kan dei indikere at BAT er eit nyttig verktøy i kartlegging av språklege ferdigheiter til ein tospråkleg afasipasient. Ved at ein sikrar ein god kartlegging av den språklege bakgrunns historia, kan den norske versjonen av BAT vere med å betre kartlegginga av språka til tospråklege afasipasientar i Norge.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleAfasi og tospråklegheit : The Bilingual Aphasia Test, ein og same test på 65 forskjellige språk?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-09-19en_US
dc.creator.authorSenneset, Therese Skudalen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Senneset, Therese Skudal&rft.title=Afasi og tospråklegheit&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-31870en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo165211en_US
dc.contributor.supervisorIngvild Røsteen_US
dc.identifier.bibsys122662075en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31517/2/Masteroppgxva%5B1%5D.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata