Sammendrag
Undersøkinga og oppgåva mi er sentrert rundt fylgjande problemstilling: Kva samanheng er det mellom brukarar ved AiR sine vurderingar av eigen arbeidsrelatert lese- og skrivekompetanse og faktiske testresultat av kartleggingsverktøyet Rådgiveren?
Funn frå internasjonale undersøkingar som IALS (International Adult Literacy Survey) og ALL (Adult Literacy and Life Skills Survey) viser til at ein bekymringsverdig stor del av den norske arbeidsstokken har lese- og skriveevner som ifylgje OECD sine retningsliner vert karaterisert som utilstrekkelege i dagens arbeidsliv (Gabrielsen, Heber og Høien, 2008). I tillegg syner undersøkingane ein klar tendens til at personar med låg lese- og skrivekompetanse likevel oppfattar eigne evner som gode. Dette representerar både ei personleg- og samfunnsmessig utfordring, med tanke på stadig aukande krav til effektivisering og omstilling i yrkessamanheng. Krava til lesing og skriving ser nemleg ut til å auke i takt med denne tendensen, noko som gjer at mangelfull realitetsorientering kring eige kompetansenivå kan tenkjast å gjere ein sårbar for mellom anna omstillingar og nedbemanning (Gabrielsen, 2006, Vox, 2008). Eksisterande praksis ved AiR gjev brukarar ved senteret høve til å gjennomføre lese- og skrivetesten Rådgiveren på frivillig basis, som eit ledd i kartleggingsprosessen innleiingsvis i rehabiliteringsopphaldet. Eit resultat samanfallande med funn frå tidlegare forsking vil kunne tenkjast å utgjere eit vurderingsgrunnlag for endring av denne praksisen i større eller mindre grad, med mål om å fange opp dei som kan ha behov for oppfylging på dette feltet i etterkant av eit opphald.
Målet med denne undersøkinga er å finne ut om informantane sine vurderingar av eigen arbeidsrelatert lese- og skrivekompetanse har positivt samsvar med faktiske testresultat av kartleggingsverktøyet Rådgiveren. På grunnlag av dette har eg utarbeidd fylgjande hypoteser;
(1) Informantane sine eigne vurderingar av rettskriving samsvarar med faktiske testresultat av rettskriving
(2) Informantane sine eigne vurderingar av lesehastighet samsvarar med faktiske testresultat av lesehastighet
(3) Informantane sine eigne vurderingar av leseforståing samsvarar med faktiske testresultat av leseforståing
Hypotesene vert belyst ved bruk av eit kvantitativt design. Utvalet består av 73 brukarar ved AiR-Klinikk. Mine data er basert på deira testresultat frå screeningtesten Rådgiveren, samt eit vurderingsskjema for eiga oppfatting av arbeidsrelatert lese- og skrivekompetanse. Resultata er presentert både deskriptivt og analytisk, der samanhengar mellom ulike variablar er framstilt ved hjelp av korrelasjonar, t-testar for uavhengige utval og variansanalyser.
Resultata av undersøkinga skil seg frå funn frå tidlegare forsking ved at informantane sine vurderingar av eigen lese- og skrivekompetanse i relativt stor grad samsvarar med deira testresultat. I oppgåva sin drøftingsdel ser eg nærare på korleis eiga gjennomføring av undersøkinga kan ha påverka dette resultatet. På bakgrunn av drøfting konkluderast det imidlertid òg med at ei vidare vurdering av Rådgiveren som hensiktsmessig kartleggingsinstrument ved AiR kan vere aktuell, då ein kan setje spørsmålsteikn ved om testen i stor nok grad klarar å fange opp dei brukarane som har mangelfulle arbeidsrelaterte lese- og skriveevner.