Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T12:57:52Z
dc.date.available2013-03-12T12:57:52Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-07-02en_US
dc.identifier.citationKnivsflå, Malene. Språklege og kognitive prediksjonsfaktorar for dysleksi i førskulealder. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/30692
dc.description.abstractProblemområde og forskingsspørsmål: Dysleksi er ein relativt høgfrekvent vanske, som omhandlar spesifikke lese- og skrivevanskar – i hovudsak avkodings- og rettskrivingsvanskar. Dei siste åra har interessa for barnehage som opplæringsarena blitt større. Saman med betre forståing for dysleksi som vanskefelt, har dette ført til auka fokus når det gjeld tidlege teikn på dysleksi. Med bakgrunn i at språkferdigheiter i førskulealder står i eit nært og samvariert forhold med skriftspråkleg utvikling, blei følgjande forskingsspørsmål formulert: «Kva språklege og kognitive faktorar i førskulealder kan predikere dysleksi i skulealder? Og korleis har fokuset i forskinga endra seg over tid?» Metode og kjelder: Oppgåva er ein litteraturstudie. Svaret på forskingsspørsmåla har dermed blitt gitt gjennom eksisterande teori og internasjonal forskingslitteratur, med fokus på longitudinelle studiar. Utvalte studiar utgjer ein historisk kvalitativ gjennomgang. Avgrensa har studiar frå 1980- 1990- og 2000-talet blitt presentert. I gjennomgangen av utvalte studiar har det i hovudsak blitt anvendt primærlitteratur. For øvrig har primær- og sekundærkjelder blitt brukt om kvarandre. Hovudfunn: Utvalte studiar, frå ulike tidsperiodar, viser at fokuset i forskinga har endra seg over tid. Forskinga har blitt meir nyansert. Studiane viser at fleire språklege og kogntitve faktorar i førskulealder kan ha ein samanheng med dysleksi i skulealder. Samla sett rår fonologisk bevisstheit, særskild fonembevisstheit, og bokstavkunnskap som gode prediksjonsfaktorar for dysleksi. Andre faktorar som har kome meir i fokus etter kvart, er vokabular og grammatiske ferdigheiter. I nyare tid har særskild RAN-ferdigheiter vore i fokus, som ein sentral predikator for avkodingsferdigheiter. Vidare viser studiane at prediksjonsfaktorane kan variere i høve alder og utvikling. Andre individuelle forskjellar ein må vise omsyn til er mellom anna grad av regularitet i ulike språk.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSpråklege og kognitive prediksjonsfaktorar for dysleksi i førskulealder : Ein litteraturstudieen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-12-03en_US
dc.creator.authorKnivsflå, Maleneen_US
dc.subject.nsiVDP::280en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Knivsflå, Malene&rft.title=Språklege og kognitive prediksjonsfaktorar for dysleksi i førskulealder&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-32308en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo167159en_US
dc.contributor.supervisorAnne Cathrine Thurmann-Moeen_US
dc.identifier.bibsys123721199en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/30692/2/MalenexKnivsflx_Master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata