• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for musikkvitenskap
  • Musikkvitenskap
  • View Item
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for musikkvitenskap
  • Musikkvitenskap
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Hardingfeletradisjonen og spelemenn i Fyresdal : ei kartlegging

Reinskås, Merethe Jørgensdottir
Master thesis
View/Open
Reinskaas_Master.pdf (13.16Mb)
Year
2008
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-21242

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Musikkvitenskap [487]
Abstract
Telemark, og særleg Vest-Telemark, vert gjerne rekna for å vere ein av

folkemusikkbastionane i Noreg. Denne delen av fylket har fostra spelemenn som mellom anna Myllarguten og Håvard Gibøen, og er kjent for å ha ei rik kulturarv. Dette gjeld og Fyresdal.

Bygda har fostra spelemenn som Knut Trondson, Petter Veum, Olav Napper, Olav Bjørgulvson Straume og Olav Torbjørnson Berge som i denne oppgåva er via særskild merksemd. Trass i ei rik kulturarv er det ikkje noko aktivt folkemusikkmiljø i bygda i dag.

Det kan vere ulike årsakar til dette som til dømes vekkingsrørsla og mangel på rekruttering.

Når ei bygd kan skilte med spelemenn som Petter Veum og Olav Napper er det og interessant å sjå på kva slåttar som kan førast attende til bygda. Det mest levande materialet etter Petter Veum finn ein i dag i omarbeidde former i Setesdalsspelet, dette vere seg slåttar som

”Rekveen”, ”Gangar etter Petter Veum” eller ”Buseten”. Ein av dei eldste slåttane frå bygda er ”Homslien” er aktivt i bruk blant spelemenn i dag.

Tradisjonsliner er eit omgrep som er, og har vore, viktig for spelemenn, men i motsetning til mange andre område verkar det til at spelemennene frå Fyresdal la like mykje vekt på ”inspirasjonsliner”. Spelemennene i Fyresdal spelte ofte det dei syns var fine

slåttar uavhengig av tradisjonen. Mykje av årsaka til dette er nok at dei reiste vekk frå bygda på arbeid og såleis

fekk mykje inspirasjon frå andre tradisjonar.

I dag er det ikkje nokon aktiv tradisjon i bygda. Det er ikkje noko tilbod om til dømes hardingfele som instrument i den lokale kulturskulen, og det er generelt lite informasjon å finne om dette emnet. Målet med denne oppgåva er å gjere noko med dette og drive litt

opplysningsarbeid om spelemenn og hardingfeletradisjonen i Fyresdal.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy