Abstract
Med ein hypotese om at stemmer – stemmeklang og uttrykk – er merka med kulturelle spor som seier noko om den musikalske kulturen og tradisjonen dei er i utveksling med, handlar denne oppgåva om kva spor av musikalsk kultur og tradisjon ein kan finne i stemmeklang og songleg uttrykk hos Erykah Badu og Stina Nordenstam. Innfallsvinkelen er at stemmene deira uttrykker ei tilhøyring til to ulike songlege tradisjonar, samstundes som dette er to særprega stemmeuttrykk. Oppgåva situerer seg innan populærmusikkfeltet, og inneheld ei nærlesing av kvar deira låt der musikalske og songlege element blir plassert i forhold til ein kulturell kontekst.