Sammendrag
Mennesket med absolutt gehør er ei masteroppgåve innanfor musikkognisjonsfeltet. Her har eg valt å føreta ei undersøking av føljande hypotese: Alle har høve til å ha absolutt gehør. Eg vil mellom anna komme inn på forskingsarbeid utført av Diana Deutsch, Daniel Levitin, Julian P. Keenan, Siamak Baharlo, Roy H. Hamilton og Lola L. Cuddy i dette prosjektet. Mennesket med absolut gehør er ei kartlegging av sentrale problemstillingar i forskinga omkring absolutt gehør, men den har også ei estetisk linje, då emnet toneatsteori vil verte drøfta. Her vil eg belyse synspunkt om emnet i eit historisk perspektiv, frå antikken og fram til symbolismens estetikk, der omgrepet synestesi førekjem. Synestesi vert eit nøkkelord i sambandet mellom estetikk og absolutt gehør. Eg vil også komme med forslag til metode for innløring av absolutt gehør. Masteroppgåva inneheld også omtale av genetisk forsking, fordi det er samspelet mellom det genetiske og ikkje-genetiske som er det sentrale elementet i drøftinga om absolutt gehør, både når det gjeld forsking, og det at folk undrar seg over kva som er årsaken til at absolutt gehør førekjem.
Ut i frå analyse av ulike årskaksteoriar om absolutt gehør, og studiet av forskingsundersøkingar, fann eg argumentasjonar som gav grunnlag til ei nærliggande bekrefting av hypotesen.