Hide metadata

dc.date.accessioned2013-06-27T10:41:10Z
dc.date.available2013-06-27T10:41:10Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-07en_US
dc.identifier.citationStensland, Kristine Monstad. Barnehagebriller i "ABC og 1,2,3". Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26740
dc.description.abstractOppgåva er ein analyse og ei kritisk drøfting av eit kapittel i "ABC og 1, 2, 3". Dette er ein rettleiar for barnehagar som er utgjeven av Utdanningsetaten i Oslo kommune. Det utvalde kapitlet har namnet "Dokumentasjon av barns læring og utvikling i språk og matematikk". I den kritiske drøftinga ser eg rettleiaren som ein del av ein barnehagepolitisk diskurs med utdanningspolitiske implikasjonar. Oppgåva plasserer seg primært innanfor tekstvitskapen, og abduksjon er det grunnleggande metodiske prinsippet. Eg går eklektisk fram for å finna dei mest høvelege metodiske verktøya og dei mest fruktbare teoretiske perspektiva. Det eg ønskjer meg, er ei mest mogleg heilskapleg forståing av teksten og diskursen han er ein del av. Dei metodiske og teoretiske vala mine er gjort på bakgrunn av dette ønsket. I oppgåva finn ein to hovuddelar. Den fyrste er ein tekstnær analyse der eg nyttar verktøy som er kjente innanfor tekstvitskapen. Eg studerer mellom anna modellesarar, røyster, ytringshandlingar og kausalkonstruksjonar. Ved hjelp av desse verktøya får eg innblikk i kva for strategiar ytraren nyttar for å overtyda lesaren, og kva den empiriske lesaren må godta dersom han vel å identifisera seg med modellesarane. Den andre delen er ei drøfting der eg opnar forståinga av teksten opp for røyster i konteksten. Røystene er henta frå både politiske og pedagogisk-faglege miljø. Nokre av dei kan seiast å vera samde med ytraren av "ABC og 1, 2, 3", medan fleire av dei fremmar kontrasterande synspunkt. Basert på desse røystene skildrar eg ein dominerande diskurs i barnehagepolitikken, og eg utfordrar denne diskursen med alternative tilnærmingar. Her hentar eg inspirasjon frå både kritisk og postmodernistisk teori. I drøftinga stiller eg meg kritisk til diskursen som "ABC og 1, 2, 3" er ein del av. Eg kritiserer han mellom anna for eit instrumentelt og diagnostiserande språksyn, og for at han gjer barn sine handlingar om til dokumenterbare objekt i ein målrasjonell samanheng. Eg problematiserer også kva som kan skje når abstrakte føremål skal eksistera saman med konkrete, målbare mål.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleBarnehagebriller i "ABC og 1,2,3" : Ein kritisk dikursanalyse av ein rettleiar for barnehagane i Osloen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-06-24en_US
dc.creator.authorStensland, Kristine Monstaden_US
dc.subject.nsiVDP::018en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Stensland, Kristine Monstad&rft.title=Barnehagebriller i "ABC og 1,2,3"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-32760en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo158035en_US
dc.contributor.supervisorKjell Lars Bergeen_US
dc.identifier.bibsys132217317en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26740/2/stensland_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata