• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Nordisk litteratur
  • View Item
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Nordisk litteratur
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Ei undersøking av skrivaromgrepet

Samuelsen, Bjarte
Master thesis
View/Open
Masteroppgxva.pdf (493.7Kb)
Year
2006
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-14698

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Nordisk litteratur [342]
Abstract
I denne masteroppgåva har eg gjort ei undersøking av skrivaromgrepet. Undersøkinga har blitt prega av refleksjonar og diskusjonar omkring Lars Sætre, Jon Fosse og Erling Aadland sine respektive skrivaromgrep. Dei tre har alle ulike definisjonar på kva ein skrivar er, men det finst også visse likskapar i deira erkjenningar. Mitt skrivaromgrep har funne sin plass ein stad mellom desse tre omgrepa. Frå Sætre sitt omgrep er det erkjenninga om at tekstar ber preg av sekvensar som ikkje kan førast tilbake til anten forfattaren eller forteljaren, eg har tatt med meg. Men i motsetnad til Sætre, som etterlyser eit psykologisk subjekt (skrivaren), vil mitt skrivaromgrep aldri vere eit subjekt, men ein instans som heile tida blir til. Når det gjeld Fosse og Aadland sine respektive omgrep, er det deira omgrep eg heile tida har konfrontert med mine eigne idear og tankar omkring skrivaromgrepet: For Aadland er skrivaren ei hending som er tid, ein personifikasjon av skrivehendinga som er fiksjonskonstituerande. Også Fosse tenkjer seg at skrivaren blir til medan nokon skriv, men skil seg likevel frå Aadland sine oppfatningar då hans skrivaromgrep ikkje er fiksjonskonstituerande. Slik sett er medvitet om at skrivaromgrepet er ei empirisk erfaring, ein sentral likskap mellom mitt, Aadland og Fosse sine omgrep. Men der Fosse og Aadland tenkjer seg at ein eventuell lesar har same opplevinga av forma (teksten) som deira grunnsyn, opererer eg med eit inessensielt formsyn. Fosse sett også opp ein tredelt romantypologi, han viser skrivaren med spesifikke eigenskapar, og seier slik sett at skrivaromgrepet kan bli lokalisert med formelle kriterium. Mitt skrivaromgrep finst aldri, men blir heile tida til i eit samspel mellom forfattaren sin kompetanse, karakterane (forteljarane) og forma. Det heile skjer i ein tilblivingsprosess kor skrivaren blir aktivisert medan lesaren les og forfattaren skriv. Denne skrivaren kan på ingen måte bestemmast med formelle eigenskapar, men kan vere til hjelp i ein analytisk praksis kor ein tar i bruk teksten sitt eige omgrepsapparat ved å sette opp visse produksjonsvilkår som er individuelle for kvar enkelt tekst. Metoden eg tar i bruk er å spørje korleis teksten fungerer. For å vise korleis ein slik framgangsmåte kan aktivisere og vise fram skrivaromgrepet, har eg tatt i bruk tre eksempel.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy