Sammendrag
Oppgåva undersøker tre ulike posisjonar som på kvar sin måte er døme på det eg vil kalle ein nynorsk meta-diskusjon om det nynorske: Ottar Grepstad si bok Det nynorske blikket, Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug sitt tidsskrift Kraftsentrum, og Inger Bråtveit sin roman Siss og Unn.
I tekstane finst eit skilje som grovt kan seiast å gå mellom to posisjonar: på eine sida ei konservativ og monolittisk orientert tilnærming til det nynorske, knytt til eit mannleg hegemoni innafor den nynorske ålmenta, som tenderer mot å ville definere og avgrense det nynorske. På andre sida finst ein posisjon som legg vekt på det mangfaldige, på å utfordre og utvide den rådande oppfattinga.
I motsetjing til Grepstad, som representerer ei monolittisk tilnærming til nynorsken, meiner eg Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug og Inger Bråtveit står for ein posisjon som vil utvide romet for det nynorske. Gjennom utgjevingane Kraftsentrum og Siss og Unn nyttar dei språket på ein slik måte at tekstane vert umoglege å avgrense og definere, fordi dei er opne, fleirtydige og utflytande, og på den måten ikkje let seg gjerde inne eller kategorisere.