Abstract
I hovudoppgåva mi ser eg på korleis to fransiskanske misjonærar, Maturino Gilberti og Juan Baptista Lagunas, går fram for å skildre den lydlege (foniske) sida av det amerindiske språket taraskisk. Desse misjonærane skreiv kvar sin grammatikk om taraskisk på femten-hundretalet, høvesvis 1558 (Gilberti) og 1574 (Lagunas). Dei er såleis ein del av det som blir kalla spansk misjonærlingvistikk; på femten-, seksten- og sytten-hundretalet blir det skrivi ei rad grammatikkar på spansk av katolske misjonærar (fransiskanarar, dominikanarar, augustinarar og jesuittar) om amerindiske (amerikanske) og asiatiske språk.
Det som eg har introdusert som den lydlege sida av språket, blir i moderne språkvitskap studert som fonologi og fonetikk, men noko slikt fanst ikkje som definerte disiplinar på 1500-talet. Den gongen forstod ein bokstaven som den minste eininga i språket, og bokstaven romma både lyd og skrift. For å sjå på korleis desse grammatikarane skildrar språklydane i taraskisk, må eg altså både sjå på korleis dei gjer dette implisitt ved bruken av det latinske alfabetet og eksplisitt ved å gi konkrete opplysningar om uttalen. Dei tre hovudspørsmåla eg stiller i innleiinga (del av første kapitlet), er: Korleis går fransiskanarane fram for å representere språklydane i taraskisk med det latinske alfabetet? Kva blir sagt om språklydsfenomena i taraskisk? Kva seier denne praksisen om den lingvistiske tenkinga?
For å kunne setja arbeidet i misjonærgrammatikkane inn i ein språkvitskapshistorisk kontekst, tek eg i det andre kapitlet for meg ideane omkring det grafisk-foniske i den vestlege lingvistiske tradisjonen, frå den gresk-romerske antikken og frametter. Eg legg særleg vekt på renessansen og den spanske grammatikaren Nebrija. Nebrija skreiv fleire verk som tok for seg ortographia, altså samanhengen mellom det grafiske og det foniske. I dei ortografiske verka til Nebrija ser vi at han med åra utviklar somme ortografiske prinsipp som han presenterer i innleiinga av verka.
I det tredje kapitlet tek eg kort for meg dei to språka som møtest i grammatikkane spansk og taraskisk. Ein del bokstavar representerte andre lydar i spansk på femtenhundretalet enn i dag; eg tek for meg dei. Når det gjeld taraskisk, veit ein ikkje særleg meir om uttalen på femtenhundretalet enn det Gilberti og Lagunas sjølve opplyser, så eg brukar det fonologiske systemet i moderne taraskisk som utgangspunkt.
I det fjerde kapitlet analyserer eg dei ulike grafisk-foniske sidene ved grammatikkane til Gilberti og Lagunas. Dei skildrar somme lydar ved å forklare korleis dei blir artikulert, men det er eigentleg vanskeleg å kunne forstå dette som noko eintydig metaspråk. Gilberti har ein original framgangsmåte i det han viser skilnaden på ulike språklydar ved hjelp av minimale par, der han viser at endringa av eitt element endrar tydinga av heile ordet. Denne framgansmåten er ikkje eineståande i vestleg grammatikkhistorie, men sjeldsynt, og sjeldan bruka i så omfattande grad som hos Gilberti. Såleis får Gilberti peika på skilnaden mellom det vi nå kallar affrikatar og frikativar, mellom aspirerte, preaspirerte og uaspirerte okklusivar og affrikatar, mellom dentale og alveolare affrikatar og frikativar. For alle desse språklydsfenomena presenterer Gilberti ortografiske løysingar. Han viser også at plasseringa av trykket har meiningsskiljande funksjon. Lagunas identifiserer og representerer i skrift ein retrofleks flapp. Dessutan innfører Lagunas nokon skrivemåtar for somme av dei språklydane som ikkje var eintydig representert av Gilberti.
Eg konkluderer med at både Gilberti og Lagunas viser at dei kjenner både den latinske grammatikktradisjonen og det språket dei skriv om godt. Gilberti har ein svært original og intelligent framstillingsmåte, både samanlikna med andre misjonærgrammatikkar og med grammatikktradisjonen. Lagunas klarer dessutan å gjera det ortografiske systemet meir fleksibelt ved å bryte med eit immanent prinsipp, nemleg at ein bokstav ikkje kan representere ulike lydar i spansk og taraskisk.