Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:44:47Z
dc.date.available2013-03-12T11:44:47Z
dc.date.issued2004en_US
dc.date.submitted2004-10-15en_US
dc.identifier.citationOrmset, Åsmund. La colonización lingüística del Nuevo Mundo en el drama "El Nuevo Mundo descubierto por Cristóbal Colón " de Lope de Vega. Hovedoppgave, University of Oslo, 2004en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/25825
dc.description.abstractI mi hovudoppgåve La colonización lingüística del Nuevo Mundo en el drama El Nuevo Mundo descubierto por Cristóbal Colón de Lope de Vega, tok eg utgangspunkt i ein dramatekst av den Lope de Vega om oppdaginga av Amerika og såg på i kva grad ein kunne finna spor av ein diskurs om språket sin funksjon i den spanske erobringa og koloniseringa av den Nye Verda. I første kapitlet plasserte eg dramaet i ein historisk-kulturell kontekst og kunne stadfesta at oppdaginga av Amerika som tematikk hadde ein liten plass innanfor den spanske gullalderlitteraturen generelt og innanfor den nye spanske komedien (la Comedia Nueva) som Lope de Vega var den fremste representanten for. Vidare såg eg på korleis dramaet El Nuevo Mundo descubierto por Cristóbal Colón ikkje fylgde dei reglane som forfattaren sjølv meisla ut for denne komedieforma i sin poetikk El Arte Nuevo de hacer Comedias. I andre kapitlet såg eg på korleis forfattaren nytta ei allegorisk scene i første akt, som i form lika på ein auto sacramental(allegorisk einaktar med religiøst-didaktisk motiv), for å skapa ein forklarande kommunikasjon med tilskodarane, og som på den måten kunne substituera regelbrota med poetikken og dei konvensjonane teaterpublikumet var vande med. Eg konkluderte med at forfattaren ville, gjennom denne scena og gjennom dramaet som heilskap, ville skapa eit helgenbilete av Columbus, samstundes som han ville kritisera den spanske oversjøiske politikken og framferda. Eg fann vidare ut at denne allegoriske scena hadde eit historisk forlegg i dei teologisk-politiske diskusjonane mellom Gines de Sepúlveda og Bartolomé de las Casas i Valladolid i 1550 og at Lope de si framstilling av problematikken låg nærare Las Casas, som var den fremste forsvararen av indianarane sine rettar, enn Sepúlveda sine standpunkt. I tredje og siste kapitlet såg eg på kva funksjon språket hadde i koloniseringa av den Nye Verda. Eg såg først på korleis dei ulike skilnadane mentale for å analysera omverda og røynda gjorde sitt til å gje spaniarane ei føremon i dei første møta. Columbus tok på seg rolla som namnegjevar då han kom til den Nye Verda og tolka det han såg inn i ein vestleg kontekst og gav alt han såg nye namn utifrå kva plass dei hadde i hans oppdaging og ikkje utifrå den kulturelle konteksten på staden. Spaniarane kunne gjera dette av di dei var vande med det ukjende frå andre oppdagingsreiser m.a. til Austen. Indianarane hadde ikkje adekvate kategoriar å plassera europearane inn i, noko som førde til at dei tolka spaniarane inn i ein religiøs, heilag kontekst, og dette førde til at dei såg på spaniarane som overlegne seg sjølve. Denne hierarkiske plasseringa var i stor grad med på å påverka utfallet av koloniseringa. Vidare såg eg på korleis Lope de Vega presenterer, i dramaet, den tekst-baserte evangeliseringa i ein einetale som liknar mykje på teksten i El Requerimiento¸ som var den teksten spaniarane las høgt til indianarane og som juridisk, ut ifrå eit spansk perspektiv, gav dei rett til å ta dei indianske landområda. Eg såg vidare på korleis spaniarane utnytta den indianske frykta for det vestlege latinske skriftsystemet for å skræma dei til å konvertera til kristendommen og gje frå seg rikdommane sine. Spaniarane var óg ansvarlege for den transkulturelle prosessen med å få dei indianske piktografiske språka over i ein spansk (vestleg) kontekst gjennom å skriva grammatikkar med eit latinsk alfabet for desse språka og samstundes brenna dei bøkene som eksisterte med indianarane sine historier og skrivne i deira eigne skriftkulturer. Alt dette fekk meg til å konkludera med at den spanske omstruktureringa av sentrale måtar for kommunikasjon i den Nye Verda truleg var like viktig som deira militære overmakt i erobringa og koloniseringa.nor
dc.language.isospaen_US
dc.titleLa colonización lingüística del Nuevo Mundo en el drama "El Nuevo Mundo descubierto por Cristóbal Colón " de Lope de Vegaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorOrmset, Åsmunden_US
dc.subject.nsiVDP::026en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ormset, Åsmund&rft.title=La colonización lingüística del Nuevo Mundo en el drama "El Nuevo Mundo descubierto por Cristóbal Colón " de Lope de Vega&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2004&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10482en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo21398en_US
dc.contributor.supervisorNelson González-Ortegaen_US
dc.identifier.bibsys050840894en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata