Abstract
Denne oppgåva har som føremål å studere nyplatonikaren Jamblikos som ein religiøs aktør i seinantikken. Jamblikos er inntil nyleg blitt handsama som ein dekadent filosof grunna sitt forsvar av theurgien – ein magisk-religiøs kultus for den intellektuelle elite som blomstra fram i det andre hundreåret e.Kr. Fordi Jamblikos nedvurderte mennesket sitt rasjonale intellekt og heller forfekta dei heilage rituala i guddomlege spørsmål er han i moderne forsking blitt avvist som ritualist og irrasjonalist. Dette byggjer på den moderne forståinga av dikotomien mellom ord som fornuft og handling som primitiv og irrasjonal. Denne oppgåva søkjer å forstå Jamblikos på grunnlag av hans eigne religiøse aspirasjonar. Skilje mellom filosofi/theurgi blir forsøkt forstått ut ifrå eit skilje mellom diskursiv/ikkje-diskursiv tenking heller enn mellom rasjonal/irrasjonal.
Oppgåva som heilskap freistar å skape eit bilete av mannen, filosofen, teologen og theurgen Jamblikos. Gjennom tekstkritisk lesing av historisk materiale freistar den å lausrive Jamblikos frå ei statisk stilling som tradisjonsberar i den nyplatonske skulen og heller gjere han til ein dynamisk agent i seinantikkens religiøse landskap – både geografisk og skriftleg.
Hans religiøse system, theurgien, vert forsøkt forstått i eit vidare perspektiv som ein åndeleg og rituell paideia der målet er å reinse sjela gjennom ein kombinasjon av det kultiske og det teoretiske. Denne ‘oppsedinga’ fordrar ein progresjon frå det materielle og jordlege til det immaterielle og guddomlege. Det teoretiske og kultiske står i eit slikt tilhøve at der det teoretiske kulminerar tek det kultiske over.