Abstract
Denne hovudfagsoppgåva er ei undersøking av forestillingar om verdas ende, død, dom, oppstode, helvete og evig liv i tekstar av Bob Dylan. Vi har med andre ord satt oss fore å seie noko om eskatologien i Bob Dylan sine tekstar. Utgangspunktet for arbeidet var følgande spørsmål: Kva kjenneteiknar eskatologien i Bob Dylan sine tekstar? Korleis kan den klassifiserast? Kva betydning har eskatologien i ulike delar av Dylan si karriere? Kva slags endringar kan vi eventuelt sjå? Kva er eskatologien påverka av? Desse spørsmåla har vi prøvd å svare på gjennom tematiske lesingar av Dylan sine tekstar, og dette er det vi kom fram til:
I perioden 1962-1966 ser Dylan sine tekstar om dei siste ting ut til å vere mest i slekt med jødisk eskatologi: Vi ser påverknad frå forestillingar om Herrens Dag, fokuset er mest på den kollektive undergangen, og dei eskatologiske tekstane opptrer gjerne saman med refsande og samfunnskritiske tekstar i tråd med gammaltestamentleg profetisk tradisjon.
I løpet av perioden 1966-1979 endrar Bob Dylan sin eskatologi seg: Fleire av tekstane konsentrerer seg om enkeltmenneske sin død, den individuelle eskatologien tek altså til å spele ei større rolle. I løpet av denne delen av karriera tek Dylan også til å skrive om oppstode og reinkarnasjon, og vi ser påverknad frå gammalegyptisk religion, buddhisme og hinduisme. Den viktigaste endringa i denne perioden er likevel den tydelege rørsla i retning av kristen eskatologi som vi ser på slutten av denne perioden.
Den perioden som skil seg mest ut frå ein eskatologisk synsvinkel er 1979-83. I desse åra er eskatologien tydeleg påverka av Dylan si tilknytning til den evangelisk-kristne rørsla Vineyard. Eskatologien her er både kollektiv og individuell, og vi finn eit skarpt skille mellom frelste og ikkje-frelste si skjebne i livet etter døden.
I perioden 1983-2003 distanserer Dylan seg frå den evangelisk-kristne posisjonen sin, men påverknad frå kristen eskatologi held fram med å spele ei viktig rolle. Eskatologien i denne perioden er meir mollstemt og pessimistisk enn tidlegare. Her finn vi òg fleire tekstar om himmelen, eit eskatologisk motiv som tidlegare er svært lite omtalt i Bob Dylan sitt verk.
Gjennom heile karriera ser vi direkte og indirekte påverknad frå Bibelen, dette gjeld både i den første fasen av Dylan sitt verk når eskatologien hans mest står i ein jødisk tradisjon, og seinare når Dylan sine tekstar om dei siste ting i størst grad kan knyttast til kristen eskatologi.
Undersøkinga vår har vist at eskatologien er eit sentralt tema i brorparten av Bob Dylan sitt verk, og temaet fortener etter vårt syn såleis større merksemd enn det har fått i den eksisterande Dylan-litteraturen.
Generelt kan vi seie at Bob Dylan sin eskatologi i stor grad kretsar rundt verdas ende, død og dom, mens oppstode, helvete og evig liv får mindre merksemd.