Abstract
Denne oppgåva handlar om sosialiseringa til mann i øvre Valdres ca. 1925-1940. Oppgåva er basert på djubdeintervju med 12 menn født ca. 1917 – 1932, samt eit par publiserte dagbøker.
Oppgåva spør seg kva som var viktig element i sosialiseringa, og ser på barndom og åra rundt konfirmasjonen. Sosialiseringa gjennom familien spelar ei viktig rolle i første del av oppgåva, og spesielt arbeidet er eit viktig perspektiv. Vidare ser eg på overgangen frå born til vaksen i lys av enkelte instansar som var viktige i konfirmasjonsalderen – slik som røyking, arbeidsdyktigheit, konkurranser m.v. Arbeidet og krava dei unge gutane møtte om arbeidsinnsats blir sett i lys av overgangsritar. I siste del tek eg føre meg den unge, vaksne mannen og fortel om bruk alkohol på festar, lauping, meir om arbeidslivet og om kroppsspråk og utsjånad, samt at eg går inn på skilnader mellom vanlege unggutar og dei som var sterkt engasjert i ungdomslagsverksemda.
I oppgåva meiner eg å finne hald for at maskuliniteten blir konstituert både som ein kontrast til kvinna, og i høve ei gruppe av menn. Maskulinitet kan altså ikkje berre sjåast som ein kontrast til kvinna, men må også sjåast i høve til andre menn, der spenningar mellom ulike grupper menn kunne gje utslag også i maskuliniteten.
Eit døme på slike spenningar i Valdres ser ein blant dei eg har kalla organiserte menn – dette var menn som var inspirert av ein ideologi som i Valdres særleg vart fremma av ungdomslaga. Disiplinering, opplysning og fråhald var viktige element i denne ideologien. Maskuliniteten til desse gutane sto i ein spenning til den rådande maskuliniteten, ved at dei var fråhaldsmenn og var kritiske til livet på festane. Men eg meiner at dei likevel høyrde til den rådande maskuliniteten innanfor familie- og arbeidsliv. Maskuliniteten knytt til arbeidet var meir sentral i samfunnet enn den som var knytt til festane, på grunn av den store statusen arbeidet hadde.