Abstract
Denne oppgåva er eit samtidsstudium av slektsstemne. Med utgangspunkt i spørjelistesvar frå slektsgranskarar og feltarbeid på tre norske slektsstemne, har eg analysert dette fenomenet som ein arena der førestillingar om slekt, opphav og tilhørsle blir formidla gjennom eit rituelt symbolspråk. Perspektivet mitt er kulturanalytisk, og eg ser på slektsstemne som eit arrangement som serverer slekt i konsentrert form: Deltakarane er samla fordi dei er i slekt, og ikkje først og fremst på grunn av personleg kjennskap eller ytre omstende. I mange tilfelle vil fleire av deltakarane vere ukjende for kvarandre. Dette gjev moglegheiter til å studere dei symbolske aspekta ved slekt, som uttrykk for blodsband mellom slektningar både i samtid og på tvers av generasjonar.
Eg har valt å nærme meg slektsstemne både frå eit arrangør- og deltakarperspektiv. Sjølve stemna har eg analysert ved hjelp av ritualteori, der eg ser på kva dei ulike delane formidlar, frå opningsseremoni til drama og konkurransar, minnestund, måltid, musikk og dans og avsluttingsarrangement. Eg har undersøkt korleis den same tematikken er blitt formidla gjennom ulike medium, frå slektsbøker og slektstavler til songar og prologar, matrettar, stader og gjenstandar, og eg har sett på både høgtidlege og meir karnevalistiske innslag. Deltakarane sine roller har også fått merksemd i analysen, og eg har sett på korleis rollene som slektningar blir synleggjorte på fleire måtar, mellom anna gjennom namneskilt, fargekodar og gruppering av menneske. Vidare har eg sett på deltakarane sine oppfatningar av kvarandre og av seg sjølve i forhold til eit slektskollektiv, og på kva for sosiale relasjonar som blir skapte mellom deltakarane på eit slektsstemne.
Eg har også sett på førestillingar om røter og opphav, og tolkar slektsstemne som ein form for kollektiv erindring der fortida blir aktualisert på tre måtar: gjennom forteljing, iscenesetjing og vandring i fortida. Forteljinga har eg sett i samband med slektsgransking, både som eit utgangspunkt for å samle ei slektsgruppe og som ulike måtar å bruke fortida på. Eg har sett på to former for slektsgransking, å grave etter røter og å konstruere slektstre, som uttrykk for to ulike fortidsforståingar og slektsoppfatningar. Eg diskuterer vidare kva for fortidsforståing som ligg til grunn for slektsstemne. Sjølve slektsstemnet ser eg som ei iscenesetjing av slekta som eit kollektiv, både historisk og samtidig. Eg har til sist sett på slektsstemne som ei form for pilegrimsvandring og ei symbolsk reise tilbake til røtene. Eg diskuterer her kva det vil seie å leite etter røter, og kva for tyding fysiske stadar har for danning av slektsidentitet.