Abstract
Denne oppgåva tek for seg sentrale krinsar rundt Den 17de Mai og Studentmållaget og kampen dei førte for unionsoppløysing med Sverige i 1905. For målfolket var den politiske og den kulturelle kampen to sider av same sak. I forlenging av fokuset på norsk språk og kultur, vart det også snakk om at Noreg burde rive seg laus politisk sett. Unionssakene som oppgåva tek for seg er i korte trekk spørsmålet om aksjon i konsulatsaka, 7. juni- vedtaket og den påfølgjande folkerøystinga, forhandlingane i Karlstad og Karlstadsemja, og til slutt spørsmålet om republikk versus monarki. Oppgåva viser at Den 17de Mai var sterkt involvert i alle sakene, medan Studentmållaget særleg utmerka seg med eit engasjement for republikken. Det herska semje om at det endelege målet var unionsoppløysing, men kva veg ein skulle gå for å nå dette målet var ikkje alltid like eintydig. Nokre agiterte til dømes for krig som den beste måten å løyse konflikten på, medan andre håpa at ein kunne unngå å ty til militære tiltak. Oppgåva går også innpå striden rundt styreform. Her var majoriteten i redaksjonen i Den 17de Mai republikanarar, men det fanst fleire lesarinnlegg som argumenterte for monarki. Studentmållaget var sterkt engasjerte for republikken, og dei skipa bla. ei republikknemnd. Striden i 1905 var hard, og målfolket tapa både grensefestningane og republikken. Likevel var dei på slutten av året nøgde med at dei trass alt hadde nådd det endelege målet, som var eit sjølvstendig Noreg.