dc.date.accessioned | 2013-03-12T11:12:53Z | |
dc.date.available | 2013-03-12T11:12:53Z | |
dc.date.issued | 2010 | en_US |
dc.date.submitted | 2010-05-14 | en_US |
dc.identifier.citation | Rud, Nina Maria. Den 29. amerikanske kongress og handsaminga av oregonspørsmålet (1845-46). Masteroppgave, University of Oslo, 2010 | en_US |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/10852/23271 | |
dc.description.abstract | Det overordna problemområdet for denne oppgåva er demokratiet som prosess og praksis i form av lovgjevande maktutøving. Målsetjinga for oppgåva er å skildre og å peike på ulike forhold og praksisar som ligg til grunn for, og verkar inn på, sakshandsaminga og slutningstakinga som finn stad i ei lovgjevande forsamling. Gjenstandsområdet som skal utforskast for at målsetjinga skal verte nådd, er Den 29. amerikanske kongress og dette lovgjevande organets handsaming av oregonspørsmålet i perioden 2. desember 1845, til 23. april 1846.
Den 29. amerikanske kongress vert undersøkt som sakshandsamande og slutningstakande lovgjevande organ med utgangspunkt i to innfallsvinklar. Den fyrste innfallsvinkelen spring ut or tanken om at lovgjevande maktutøving kan sjåast på som ein praktisk syssel viss gjennomføring beror på ei rekkje praktiske og logistiske forhold som saman gjer fremjing, handsaming og vedtak av lovforslag operasjonelt mogleg. Med andre ord: lovgjevande maktutøving er organisatorisk praksis. Den andre innfallsvinkelen har sitt utspring i tanken om at lovgjevande maktutøving er ein sannings- og røyndomsrefererande syssel viss gjennomføring beror på forhold og praksisar som gjer det mogleg å knyta meining til kvart einskilde lovforslag. Med andre ord: lovgjevande maktutøving er diskursiv praksis. | nor |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.title | Den 29. amerikanske kongress og handsaminga av oregonspørsmålet (1845-46) : ein studie i lovgjevande makutøving | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.date.updated | 2010-10-20 | en_US |
dc.creator.author | Rud, Nina Maria | en_US |
dc.subject.nsi | VDP::070 | en_US |
dc.identifier.bibliographiccitation | info:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Rud, Nina Maria&rft.title=Den 29. amerikanske kongress og handsaminga av oregonspørsmålet (1845-46)&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgave | en_US |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-25014 | en_US |
dc.type.document | Masteroppgave | en_US |
dc.identifier.duo | 102618 | en_US |
dc.contributor.supervisor | Helge Øystein Pharo og Hallvard Notaker | en_US |
dc.identifier.bibsys | 102301484 | en_US |
dc.identifier.fulltext | Fulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23271/1/MicrosoftxWordx-xMasteroppgxvexNinaxMariaxRud.pdf | |