• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det samfunnsvitenskapelige fakultet
  • Psykologisk institutt
  • Psykologisk institutt
  • View Item
  •   Home
  • Det samfunnsvitenskapelige fakultet
  • Psykologisk institutt
  • Psykologisk institutt
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Cerebellum sitt bidrag til arbeidsminnet - ei fMRI-studie

Os, Trude Tangenes
Master thesis
View/Open
oshovudoppg.pdf (1.052Mb)
Year
2007
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-15183

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Psykologisk institutt [2861]
Abstract
Cerebellum har tradisjonelt vore sett på som ein struktur som har vore viktig under planlegging og utføring av motoriske handlingar, samt ved oppretthalding av ballanse og augerørsler. Dei siste 20 åra har det imidlertid vekse fram evidens frå fleir ulike forskingsfelt som antyder at cerebellum også kan ha ei rolle i kognitive prosessar, og at dette skjer i samarbeid med prefrontale- og parietale cerebral cortex i cerebro-cerebellare løkker.

Formålet med denne fMRI-studien var å sjå nærare på cerebellum sitt bidrag til arbeidsminneprosessar, med hovudfokus på verbalt arbeidsminne og den fonologiske løkka. Studien er del av eit større prosjekt, Tematisk Område for Psykoser, og data frå 15 friske kvinner er henta frå hjerneavbildingsundersøkinga som er gjort der. Som mål på verbalt arbeidsminne vart det brukt eit n-backparadigme med talpar som stimuli, presentert i eit blokkdesign. Der var to ulike betingingar; 2-back som arbeidsminneoppgåve, og 0-back som kontrolloppgåve. Forsking på dette feltet er ikkje tidlegare blitt gjort med n-backparadigmet, og eitt av formåla med studien var difor å sjå om dette paradigmet gav same aktiveringar i cerebellum som ein har funne ved andre paradigmer.

Resultata støttar tidlegare funn, og det vart funne aktivering bilateralt i superiore cerebellum, samt aktiveringar i prefrontale og parietale områder av cerebrum. Det er diskutert korvidt aktiveringane som er funne i superiore cerebellum reflekterar kognitive eller motoriske prosessar, samt kva type kognitive prosessar det eventuelt kan dreie seg om. Evidensen som føreligg gjer at ein kan argumentere for at aktiveringane i cerebellum er av kognitiv art, men ut frå forskinga som føreligg er det fortsatt uklart kva slags type kognitiv prosess det dreier seg om, om det er prosessar direkte involvert i arbeidsminnet, eller om det kan dreie seg om underliggande prosessar.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy