• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det samfunnsvitenskapelige fakultet
  • Psykologisk institutt
  • Psykologisk institutt
  • View Item
  •   Home
  • Det samfunnsvitenskapelige fakultet
  • Psykologisk institutt
  • Psykologisk institutt
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Musikk som uttrykkshjelp for følelsar i psykoterapi med barn og unge. : Ein kvalitativ studie av seks musikkterapeutar sitt arbeid med musikk og emosjonsregulering innanfor psykisk helsevern.

Sannes, Ingvill
Master thesis
View/Open
SannesxIngvillxrps.pdf (1.210Mb)
Year
2012
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-32134

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Psykologisk institutt [2924]
Abstract
Problemstilling: Studien tar utgangspunkt i forskingsspørsmål som adresserer korleis musikk kan bli brukt for å arbeide med emosjonsregulering i psykoterapi med barn og unge.

Metode: I studien er det brukt kvalitativ metode og datamaterialet vart samla inn med hjelp av semistrukturerte djupneintervju. Seks musikkterapeutar med erfaring frå arbeid med barn og unge i psykisk helsevern vart intervjua. Datamaterialet blei analysert med tematisk analyse. Studien er eit sjølvstendig forskingsprosjekt med eige innsamla datamateriale.

Resultat: To hovudtema vart i analysen identifiserte som representative for materialet: gjensidig regulering og utvikle følelsestoleranse. Temaet gjensidig regulering skildrar korleis det terapeutiske samspelet er prega av gjensidig regulering i form av terapeutens inntonande og støttande aktivitet, samt at dette er med på å bygge relasjon. Temaet utvikle følelsestoleranse skildrar dei terapeutiske prosessane der terapeutane arbeider med å utvikle følelsestoleranse ved å bruke musikken som verktøy til å regulere klientens tilstand og merksemd, regulere nærleik til følelsane og å uttrykke følelsar ved hjelp av musikken.

Diskusjon: Resultata blir diskutert i lys av kva implikasjonar dei kan ha for psykologar og psykoterapi med barn og unge. Musikalske prosessar blir sett i samanheng med kunnskap innan nyare utviklingspsykologi om korleis emosjonsregulering skjer i affektive, nonverbale samspel med omsorgsgivar og korleis dette kan kaste lys over terapeutiske prosessar. Deretter blir det vist til traumebehandling som eit område der kreative uttrykksformer og prosessar alt blir nytta for emosjonsregulering og der kunnskap frå denne studien kan ha relevans.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy