Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:56:28Z
dc.date.available2013-03-12T09:56:28Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-06-08en_US
dc.identifier.citationNes, Guro Eian. Økonomisk analyse av global oppvarming. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/17415
dc.description.abstractKlimaendringar er ei av dei viktigaste utfordringane verda står ovanfor. Mykje av den økonomiske utviklinga vi har sett etter den industrielle revolusjonen har vori mogleg takka vera at vi lærte å utnytte fossile energikjelder. Samfunnet har dei siste 200 åra vorti stendig meir energiintensivt. No innser vi at forbrenning av fossile energikjelder har den biverknaden at utsleppa av drivhusgassar kan endre heile klimasystemet som gjer det mogleg for oss å leva her på jorda. Kva som bør gjerast med dette har vist seg å vera eit spørsmål som har fått fram ei grunnleggjande usemje om korleis vi ser på naturen og på oss sjølve. Det at kva vi vel å gjera har så vidtrekkande konsekvensar fører til at ein ikkje lenger kan unngå ein eksplisitt debatt om verdigrunnlaget for forslaga som økonomar, vitskapsfolk og politikarar kjem med. Oppgåva ser nærare på den måten klimaendringar har vorti analysert på, og freiste å sjå på debatten om ein del av føresetnadene for ein slik analyse. Kapittel 2 handlar om verdispørsmål i økonomisk analyse og ulike syn på vårt tilhøve til framtidige generasjonar. Kapittel 3 tar for seg korleis klimaendringar vanlegvis har vori analysert med utgangspunkt i velferdsøkonomi og debatten som følgde utgjevinga av Stern-rapporten. Sidan økonomar sine tradisjonelle analysemetodar vert i særleg stor grad stilt på prøve i spørsmålet om klimaendringar ser eg i kapittel 4 på korleis ein kan sjå på klimaendringar om ein tilkjenner framtidige generasjonar rettar. Sidan dei fleste negative konsekvensane vil ramme framtidige generasjonar, medan det er vi som lever i dag (i dei rike landa) som nyter godt av å kunne sleppe ut drivhusgassar utan restriksjonar, vil to sentrale omgrep i ei analyse av klimaendringar vera rettferd mellom generasjonane og berekraft. Desse heng nært saman. Ei rettferdig fordeling mellom menneske i dag eller mellom ulike generasjonar må vera innanfor dei rammene som naturen setter om ho skal vera berekraftig. I kapittel 5 ser eg på noko av det som kan vera med å forklare korfor det har vist seg vanskeleg å få til handling trass av ein har hatt kunnskap om drivhuseffekten. I avslutningskapittelet skriv eg at ein kan sjå på klimaendringar som ein effekt som forsterkar andre store miljøproblem som gjer oss meir sårbare for verknadene av eit endra klima. Ei partiell analyse som tilrår å redusere utsleppa til grensenytta er lik grensekostnaden byggjer på ei overdrevi tru på om at vi klarer å finne desse og på at vi er frigjorde frå naturen. Ei analyse som ser berre på klimaproblemet vil kanskje ikkje på ein tilfredstillande måte ta opp i seg at klimaendringar er nært knytt til andre prosessar som vil vera til hinder for rettferd mellom generasjonane. Ein treng dimed ei analyse som klarer å vise samanhengen i desse prosessane og som har ei betre forståing av samspelet mellom alle dei systema vi er avhengige av.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleØkonomisk analyse av global oppvarming : har framtidige generasjonar rettar?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-07-03en_US
dc.creator.authorNes, Guro Eianen_US
dc.subject.nsiVDP::210en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nes, Guro Eian&rft.title=Økonomisk analyse av global oppvarming&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-15104en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo62051en_US
dc.contributor.supervisorGeir Asheimen_US
dc.identifier.bibsys070948127en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/17415/1/masteroppgxva.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata