Abstract
Basert på feltarbeid blant småbarnsforeldre busett i Oslo Vest, vil eg i denne oppgåva pakke ut foreldreskapet som kulturelt meiningssystem ved å ta føre seg føre meg foreldreskapet si indre spenning mellom idear knytt til individualisme og likestilling, og idear knytt til slektskap og barns beste.
Gjennom oppgåva viser eg korleis foreldre navigerer og balanserer mellom slektskapssfæren, med sine komponentar av moral og det naturlege, og likestillingssfæren, med sine idear om individuell valfridom og mor og far som likestilte omsorgspersonar. Eg utforskar denne spenninga gjennom å trekkje opp liner mellom individet og det relasjonelle i familien, mellom kjønn og slektskap, og mellom politikk og moral, der slektskapsteori og kjønnsteoretiske perspektiv utfyller kvarandre i analysen. Eg ser nærare på forståinga av slektskap som noko naturleg, der eg utforskar moderskapet si naturlege særstilling, og kontrasterer dette med eit blikk på dei nye ideala knytt til fars aukande deltaking i barneomsorga. Vidare ser eg på idear om det gode foreldreskapet, der skapinga av den gode foreldre-barn-relasjonen impliserer aktiv handling. Gjennom dette arbeidet, viser foreldre at dei dei forvaltar sin kunnskap om barns beste på ein meiningsfull måte, og skaper og opprettheld ein god personleg relasjon til barnet. Avslutningsvis trekkjer eg inn korleis staten verkar inn på foreldreskapet som ein aktiv forhandlar mellom slektskapssfæren og likestillingssfæren, der barnehagen som institusjon kan sjåast som ei form for statleg løysingsforslag for korleis foreldre kan balansere mellom dei ulike sfærane.
Oppgåva fylgjer ein livsløpstankegang der eg fylgjer mine informatar og deira kulturelle narrativ om foreldreskapet frå tida utan barn, gjennom spedbarnsfasen, og fram til barnet byrjar i barnehage og familieorganiseringar igjen endrar seg. Gjennom alle desse fasane er foreldre kreative når dei navigerer i dette landskapet mellom likestilling og barns beste.