Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:32:29Z
dc.date.available2013-03-12T09:32:29Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-05-02en_US
dc.identifier.citationEggebø, Helga. Offeromgrepet - til last eller gagn?. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15675
dc.description.abstractKva dilemma og problemstillingar rommar offeromgrepet ut frå eit feministisk perspektiv? I denne oppgåva utforskar eg offeromgrepet og kartlegg offerdiskursen i eit institusjonelt landskap. Eg tek utgangspunk i institusjonell etnografi slik Dorothy E. Smith med fleire skildrar det i Institutional Ethnography (2005) og Institutional Ethnography as Practice (2006). Utforsking av metoden er ein viktig del av prosjektet. Oppgåva består av tre hovuddelar, samt eitt avsluttande kapittel. I kapittel 1 nystar eg fram problemstillingar, metode og teoretiske perspektiv i nær relasjon til kvarandre. Kapitlet byrjar med ei historisk framstilling; eg argumenterer for at offerperspektivet har spelt ei viktig rolle for kvinnerørsla, mellom anna for å setja vald mot kvinner på dagsorden i løpet av 1970- og 1980-talet. Seinare har offeromgrepet vorte kritisert, mellom anna med utgangspunkt i eit postkolonialt feministisk perspektiv. I andre del av kapittel 1 gjer eg greie for det metodiske verktøyet, og koplar dette til eigne erfaringar frå kvinnerørsla. Kapittel 2 er basert på eit kvalitativt intervju med Krisesentersekretariatet. Informantane er kritiske til å snakka om valdsutsette kvinner som ”offer”, fordi ordet har konnotasjonar til passivitet, avmakt og hjelpeløyse. Offeromgrepet kan kanskje frita frå skuld, men kan føra til passivisering og stigmatisering av valdsutsette kvinner. Dette blir eit paradoks då sjølve målet med kvinnekampen har vore at kvinner skal ta makt og sjå på seg sjølve som subjekt. Offeromgrepet er relatert til spørsmål om skuld og ansvar. Gjennom å gjera greie for kompleksiteten som ligg i omgrepet ansvar, kastar eg lys over kva spenningar offeromgrepet rommar. Kapittel 3 er ei kartlegging av kva rolle offerdiskursar speler i utlendingsforvaltninga. Eg tek utgangspunkt i eit intervju med ein advokat og undersøkjer ”offerkravet” i tilknyting til søknad om fornya opphaldsløyve etter utlendingsforskrifta § 37 sjette ledd. Informantintervjuet koplar eg til lovtekstar og konkrete saksvedtak, og kastar lys over korleis tekstar regulerer praksis. Eg argumenterer for at offerkravet og mishandlingsvilkåret er eit uttrykk for viljen til å gje opphaldsløyve til dei verdig trengande ofra. Dette er knytt til den politiske diskursen rundt immigrasjonsregulering, som handlar om at Noreg skal føra ein ”sømmeleg” politikk. I oppgåva viser eg at offerdiskursar kan vera med på å reprodusera stereotypiar og skapa eit skilje mellom kvinner/menn og minoritet/majoritet. Minoritetskvinner blir framstilt som offer for kulturen, som stakkarslege og hjelpelause personar som majoriteten kan synast synd i. Samstundes er det venta at minoritetskvinner skal passa inn i biletet av idealofferet for at ho skal få hjelp og stønad. I fjerde og siste kapittel reflekterer eg rundt ambivalensen i offeromgrepet. På den eine sida kan det vera ein nyttig reiskap for å synleggjera og bøta på ulikskap i makt, ressursar og sosial posisjon. På den andre sida kan det vera vanskeleg å artikulera og retta opp ulikskap utan å stigmatisera eller reprodusera ulikskapen. Dette er ein sentral problematikk som vart diskutert av den nye kvinnerørsla på 1970-talet og som framleis ser ut til å vera relevant i relasjon til offeromgrepet. Til slutt kaster eg eit blikk tilbake på den avslutta kartleggingsprosessen; eg døftar institusjonell etnografi som ein måte å gjera sosiologi på. Eg argumenter for at dette metodiske perspektivet har vore nyttig for å kasta lys over offeromgrepet.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleOfferomgrepet - til last eller gagn? : undersøking av offeromgrepet med utgangspunkt i institusjonell etnografien_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-07-16en_US
dc.creator.authorEggebø, Helgaen_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Eggebø, Helga&rft.title=Offeromgrepet - til last eller gagn?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-15182en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo58269en_US
dc.contributor.supervisorKarin Widerberg og Beatrice Halsaaen_US
dc.identifier.bibsys07098641xen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15675/3/Offeromgrepet.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata