Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:32:29Z
dc.date.available2013-03-12T09:32:29Z
dc.date.issued2004en_US
dc.date.submitted2004-09-20en_US
dc.identifier.citationEse, Jo. Helser ein enno på framande i fjellet?. Hovedoppgave, University of Oslo, 2004en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/15443
dc.description.abstractI denne oppgåva ser eg på ein mogeleg kulturkonflikt i det norske friluftslivet i dag. I løpet av dei siste 10-15 åra har friluftsaktivitetar i Noreg gjennomgått store endringar. Det tradisjonelle norske friluftslivet har fått selskap i fjellheimen av nye aktivitetar som frikøyring på ski og snowboard, kite, basehopping, elvepadling, rafting og terrengsykling. Dei nye trendane kan tydeleg merkast gjennom media, gjennom sal av utstyr og kurstilbod, eller ved ein dag med observasjon i eit skitrekk i Noreg. Dei nye aktivitetane tek med seg ein ny kultur til fjellet; nye klede, nytt utstyr, ny musikk, nytt språk og nye haldningar. Møtet mellom det tradisjonelle og det nye går ikkje alltid like fredfylt for seg. For mange nordmenn er friluftslivet ein sentral del av kulturarven, og soleis viktig å ta vare på. Det tradisjonelle friluftslivet er prega av eit spartansk og ”traust” liv i naturen, der enkelt utstyr, god dugleik, og fokus på det nasjonale er sentralt. Det teknisk avanserte, det ”trendy” og det internasjonale ved det nye står i kontrast til desse tradisjonane. Gjennom 14 kvalitative intervju med aktive deltakarar innanfor både det tradisjonelle og det nye i friluftslivet i Noreg, har eg sett nærare på korleis møtet mellom dei to artar seg. I lyset av sosiologisk teori utarbeidd av mellom andre Pierre Bourdieu ser eg på korleis informantane mine har opplevd møtet mellom dei to praksisformene. Den eine av dei to er etablert og i forsvar, medan den andre er ung og utfordrande. Det etablerte får definere kva som er ”den naturlege måten” å te seg i feltet, og har gjennom dette mykje makt over korleis ”riktig” bruk av feltet vert. Dei som høyrer til det nye føler seg noko mindreverdige i høve til det etablerte; dei tykkjer at dei bør ta omsyn til interessene til det tradisjonelle. Innanfor det tradisjonelle er ein derimot meir skeptisk til å gjere offer eller inngå kompromiss for at dei nye aktivitetane skal få gode tilhøve. Eit interessant funn er at dette makttilhøvet verkar å vere akseptert av både det etablerte og det nye. Om ein ser til lovverket og haldningar uttrykt av styresmaktene, kjem denne maktfordelinga mellom det tradisjonelle og det nye tydeleg til syne. Rådande friluftslivspolitikk er slik at den i stor grad tifredsstiller ønskja til den dominante praksisforma. Dette skjer mellom anna gjennom streng regulering av motorisert ferdsle og lover mot utbygging av anlegg og installasjonar. Dette dømet kan tyde på at det tradisjonelle friluftslivet har eit solid feste i store delar av det norske samfunnet, og forsterkar biletet av ei dominant og ei underlegen praksisform.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleHelser ein enno på framande i fjellet? : nye trendar i den norske naturenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2005-04-04en_US
dc.creator.authorEse, Joen_US
dc.subject.nsiVDP::220en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ese, Jo&rft.title=Helser ein enno på framande i fjellet?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2004&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10385en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo20856en_US
dc.contributor.supervisorOlve Krangeen_US
dc.identifier.bibsys05065537xen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15443/1/helser.pdf
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/15443/2/helser.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata