Abstract
Denne oppgåva handlar om innvandrarkvinner i Groruddalen, og deira bruk av og syn på natur. Datagrunnlaget i studien er kvalitative intervju av sytten kvinner frå Irak, Iran, Afghanistan, Pakistan og Tyrkia. Første problemstillinga tek føre seg kva bruk av og syn på natur kvinnene har i sin kvardag. I den andre problemstillinga spør eg korleis kvinnene sin bruk av og syn på natur kan forståast ut ifrå deira kvardag.
Den første problemstillinga er motivert ut ifrå den store satsinga som staten og Oslo kommune gjennomfører for å forbetre naturen i Groruddalen, og ut ifrå manglande kunnskap i Noreg om kva slags bruk av og preferansar for natur innvandrarfolkesetnaden har. Den manglande kunnskapen viser seg mellom anna att i otta myndigheitene uttrykkjer rundt etniske minoritetar og deira deltaking i friluftsliv. Den andre problemstillinga er motivert ut ifrå det sterke fokuset som tidligare forsking har på skilnader mellom ulike etniske grupper i folkesetnaden i syn på og bruk av natur. Desse skilnadane har i stor grad vorte forklart ut ifrå at ulike etniske grupper i ein folkesetnad, har ulike kulturar som får konsekvensar for utøving av friluftsliv. I denne oppgåva legg eg fram fleire døme på slike studiar. Eg legg vidare fram det teoretiske perspektivet escape, som eg nyttar for å freiste å forklare dei funna eg har i min studie. Dette perspektivet fortel noko om korleis menneska oppfattar kvardagen, og dei teknikkane ein nyttar for å handtere rammene som det daglege livet medfører.
Informantane i min studie er aktive menneske som går mykje på tur. Sykkelturar er også vanleg. Det er tydeleg at livssituasjonen kvinnene er i, og fokuset på familie og barn legg rammer for deira bruk av og syn på natur. Kvinnene oppfattar gå- og sykkelturane som ein fin måte å vere saman med familie og venner på. Informantane er særskilt opptekne av barna, og kvinnene motiverer i stor grad sin bruk av natur ut ifrå omsyn til dei. Informantane legg også vekt på at fysisk aktivitet ute i naturen, er svært viktig for å styrkje den fysiske og psykiske helsa. Når det gjeld syn på natur oppfattar kvinnene skogen som skummel, kjedeleg og estetisk lite tiltrekkjande. Informantane føretrekkjer parkar, og meir tilrettelagde og estetiske område der det skjer noko, og dei kan møte andre menneske. Dette tykkjer ikkje informantane skogen kan gje dei. Sidan informantane saknar slike område i Groruddalen, søkjer dei til mellom anna Ikea og Furuset Forum. Desse stadane vert mål å gå eller sykle til, som også kan gje dei ulike aktivitetar og sosial kontakt. Informantane sin bruk av natur er i stor grad knytt til å drive med ulike aktivitetar i nærområdet. Eit velfungerande lokalsamfunn der ein finn alt ein treng av ulike tenester og tilbod med mange fritidsaktivitetar for barn og vaksne, motiverer til gå- og sykkelturar i kvardagen. Det same gjer parkar med aktivitetsområde.
Samanliknar ein mine funn med funn i tidligare forsking, kan det sjå ut til at mykje er felles. Kort oppsummert har desse studiane også funn som syner at etniske minoritetar føretrekkjer ein tilrettelagt natur der dei kan vere sosiale med venner og familie. Tidligare forsking har i stor grad lagt vekt på kulturforklaringar for å forstå sine funn. Som svar på den andre problemstillinga freistar eg å fortolke mine funn ut ifrå teorien om escape. Sett i lys av det perspektivet, kan ein få forståing for korleis menneska sin kvardag og livssituasjon medfører eit behov for å sleppe unna, og skape ein distanse til dei fastlagde sidene ved tilvere. Ifølgje teorien eg nyttar i oppgåva, kan friområde i samfunnet hjelpe ein med å sleppe unna. Eg tolkar informantane sin bruk av natur som eit avbrekk i kvardagen. Det gjev høve til å sleppe unna, og gjere noko aktivt sjølv i ein elles fastlagd kvardag. Den tilrettelagte naturen som informantane føretrekkjer tolkar eg som eit friområde, slik eit friområde vert definert i det teoretiske perspektivet eg nyttar. Gjennom å nytte ein tilrettelagt natur i nærleiken av der dei bur, kan informantane få sleppe unna og styrkje eigen identitet. Samstundes gjev ikkje informantane sin bruk av natur inntrykk av å vere eit brot med livet dei elles lever. I oppgåva legg eg også fram eit teoretisk synspunkt som utvidar forståinga av teorien om escape. Dette synspunktet tek høgde for at vi i dag lever i eit meir komplekst postmoderne samfunn. Ut ifrå dette synspunket tolkar eg informantane sitt natursyn som uttrykk for ønsket om å ta med seg kvardagen dei elles lever, til ein ny kontekst. Sjølvmotseiinga mellom det å ha eit behov for endring i tilveret, og ende opp med å gjere noko som liknar på det livet ein elles lever, kan forklarast ved å sjå det i lys av samfunnet si utvikling mot eit meir fragmentert tilvere. Menneska føler ikkje lenger det same behovet for å søkje etter heilt nye eller autentiske opplevingar. Det at naturen er tilrettelagt og dei aktivitetane informantane driv med er alminnelege og ikkje så nyskapande, kan sikre det at dei får sleppe unna, men samstundes ta med seg kvardagen. Behovet for å sleppe unna, men samstundes ta med seg kvardagen, vil innebere eit friluftsliv prega av sosiale møter i ein tilrettelagt natur. Ei slik tolking skil seg frå tidligare forsking, og flyttar fokuset frå kultur og over på praksisar, erfaringar og behov som er meir allmennmenneskelege. Tal frå SSB syner dessutan at informantane sitt friluftsliv kan likne på det friluftslivet som er mest utbreitt i Noreg, nemleg gåturar i nærleiken av heimen. SSB sine undersøkingar syner også at dei fleste i Noreg ønskjer å vere saman med familie og venner i fritida, nett som mine informantar. Ved å fokusere på det allmenne ved informantane sin bruk av og syn på natur, kan mi tolking vere med på å setje i perspektiv myndigheitene si otte for etniske minoritetar si deltaking i friluftsliv, og kulturforklaringane i tidligare forsking. Å fokusere på skilnader i bruk av og syn på natur ut ifrå etnisitet, kan vere med på å framstille ei gruppe i samfunnet som meir framandarta enn den eigentleg er.
Til slutt kjem eg inn på vidare forsking. Sidan det er gjort lite forsking på dette temaet i Noreg, er det svært mykje ein kan ta fatt i. Eg trekk særskilt fram det å sjå på etniske minoritetar og friluftsliv ut ifrå eit klasseperspektiv.