Abstract
KLIENTELISME OG DEMOKRATI I SENEGAL
Temaet for oppgåva er korleis to hovudtypar av klientelisme påverkar demokratiseringsprosessen i Senegal.
Omgrepet klientelisme er brukt om tosidige vertikale og varige forhold mellom patronar og klientar, prega av gjensidig utveksling av goder og tenester, men og av ulikskap i ressursar og makt. Ordet vert og brukt om strategiar for å etablera eller oppretthalda slike forhold. Dei to hovudtypane klientelisme vert ofte kalla "moderne" og "tradisjonelle. Den moderne klientelismen har å gjera med korleis det styrande partiet er bygd opp av patronar og klientar, og med korleis partiet har danna band til ulike grupper i samfunnet. Den viktigaste tradisjonelle klientelismen i Senegal har eg valgt å kalla "heilag, den inkluderer banda mellom dei muslimske brorskapsleiarane og tilhengjarane deira, men og relasjonane mellom desse leiarane og det politiske regimet.
Eg har studert verknaden av dei to typane klientelisme på seks demokratiseringsvariablar; Organisasjonsfridom, ytringsfridom, val- og partisystem, interesseartikulasjon via politiske parti, institusjonar, og tilhøva mellom offentlege og private sfærer.
Partiklientelismen i Senegal har svekka fridomen, til gruppeopposisjon og dermed interesseartikulasjonen via organiserte grupper, blant anna på grunn av den koopteringa av leiarar for fagforeiningar, næringslivsorganisasjonar og politiske parti som har gått føre seg. Det styrande partiet sidan sjølvstendet (PS) har hatt klientelistiske band til journalistar i statsmedia. Slik har ytringsfridomen ikkje blitt fullstendig. Dette partiet har i stor utstrekning drive med stemmekjøp, både direkte og via såkalla store veljarar, menneske som er patronar og kan få mange til å stemma slik dei gjev ordre om. Eg viste korleis klientelismen har hatt betydning for valresultata i 1983, 1988 og 1993. Ved det siste valet var det store skilnader i resultata på landsbygda og i byane, det tyder på at dei klientelistiske relasjonane er sterkare på landsbygda. Klientelismen og klanstriden i PS gjer at interesseartikulasjonen via politiske parti vert avgrensa. Pengar vert viktigare enn ideologi. Det foregår eit generasjonsskifte i PS, men også dei nye leiarane er del av klientelistiske nettverk. Klientelismen har betydning for korleis institusjonane fungerer, presidenten benyttar seg av klientelistiske strategiar og har mange ressursar. Dermed får han ei svært dominerande stilling. Parlamentet og rettsvesenet er tilsvarande underordna. Administrasjonen er penetrert av klientelisme. Klientelismen fører og til at skiljet mellom offentlege og private sfærer vert brote.
Det er usemje blant forfattarar om i kva grad dei muslimske leiarane syt for interesseartikulasjon for sine tilhengjarar eller faktisk utnyttar disse, og hindrar fridom til gruppeopposisjon. Brorskapsleiarane får mykje sendetid i TV og radio, og gjev der uttrykk for støtte til presidenten og det styrande partiet. Dette er særleg viktig før val. Ordrane frå brorskapsleiarane om støtte til den sitjande presidenten og PS ved vala, har vore viktige for dei endelege resultata. Visse teikn tyder på at brorskapstllhengjarane i byane ikkje lenger lyer stemmepåboda i samme grad. Ved vala i år var det for fyrste gong og muslimske leiarar som støtta opposisjonen (som gjorde sitt beste val nokonsinne). Alle partia ynskjer ein islamsk legitimitet, og legg vekt på å ha eit godt tilhøve til brorskapa. Hovudseta til brorskapa er ofte "statar i staten"; styresmaktene ser gjennom fingrane men lovbrot der. Dei klientelistiske relasjonane mellom styresmakter og brorskap gjer at skiljet mellom offentlege og private sfærer vert utviska.